Nyheter

Vil kasta oljelobbyen ut av norske klasserom

STOPP: Sidan 2019 har bransjeorganisasjonen Norsk Olje og Gass møtt over 5.000 elevar på vidaregåande skular. Det vil SV ha ein slutt på.

Søndag skal SV vedta arbeidsprogram for dei neste fire åra. Eitt av forslaga er å forby oljenæringa å driva med lobbyverksemd i norsk skule.

– Elevar må læra om klimakrisa utan at aktørar frå oljeindustrien med ein openberr eigeninteresse, får setja premissane, seier Synnøve Kronen Snyen, forslagsstillar og leiar av Sosialistisk Ungdom (SU).

Eit samla landsstyre går inn for forslaget om lobby-nekt i innstillinga til nytt arbeidsprogram.

SU-leiaren peikar på bransjeorganisasjonen Norsk Olje og Gass sine framstøyt mot elevar på vidaregåande skule.

– Dei har i fleire år reist rundt på vidaregåande skular med det dei presenterer som eit prosjekt for å fremja fakta i samfunnsdebatten, men det er ingen tvil om at dei har mykje å tena på å snakka med ungdom om oljeindustrien. Det er skremmande at dette har gått føre seg i eit så stort omfang, seier ho.

Synnøve Kronen Snyen

«Det må til sjuande og sist vera lærarane som bestemmer»

Norsk Olje og Gass er ein interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for oljeselskap og leverandørbedrifter, og ligg under NHO, Næringslivets Hovedorganisasjon.

Kommunikasjonsleiar i Norsk Olje og Gass, Maria Barstad Sanner, seier det er synd om SV-forslaget blir vedteke.

– Opplæringslova opnar opp for at ungdomspolitikarar, interesseorganisasjonar og næringslivet kan besøka skular og vera ein del av undervisningsopplegget. Det må til sjuande og sist vera lærarane som bestemmer om dei ønsker å ha besøk eller ikkje.

Ho seier at Norsk Olje og Gass i fleire tilfelle er invitert til skulane saman med organisasjonane Natur og Ungdom og Fremtiden i våre hender.

Har møtt over 5000 elevar

Norsk Olje og Gass har to prosjekt retta spesifikt mot ungdom:

  • Prosjektet #Dennyeoljen, som har gått over tre år. Her reiser tre nyutdanna medarbeidarar med ulik fagbakgrunn ut til norske vidaregåande skular. I perioden august 2019 til august 2020 møtte dei 4200 elevar på vidaregåande skular. Etter korona-nedstenginga flytta dei mykje av arbeidet over på digitale flater. Det er uklart om dette prosjektet blir vidareført.
  • «Det store bildet» der unge menneske i industrien reiser ut og møter elevar og ungdomspolitikarar. Sidan 2019 har dei møtt i underkant av 1000 elevar.

Får leika finansminister

Målet for #Dennyeoljen er ifølgje årsrapporten for 2020 å skapa «en større forståelse for industrien hos ungdom og en større forståelse for de unges perspektiv hos industrien».

Som del av arbeidet let dei elevar spela det digitale spelet «Fremtiden på spill». Der får elevane får prøva seg som finansminister, der dei skal setja opp statsbudsjett og prioritera mellom ulike grupper og interesser.

Prosjektet #Dennyeoljen konkluderer for 2020 med at klima er viktig for ungdom og at oljebransjen slit med å nå ut til den yngre målgruppa.

Medarbeidarane kjem med klåre tilrådingar til korleis olje- og gassbransjen betre kan nå ut til denne gruppa. Dei skriv i årsrapporten for 2020 at:

Kunnskapen om norsk olje- og gassbransje som verdensledende innen maritim teknologiutvikling har ikke nådd ut til ungdommen i særlig grad. Det er ikke åpenbart for unge at olje- og gassbransjen bidrar med penger og kompetanse i utviklingen av karbonfangst- og lagring eller flytende havvind. Denne linken må tydeliggjøres.

«Fascinerende, men også skremmende»

Prosjektet #Dennyeoljen har over fleire år blitt møtt med kritikk frå miljørørsla. E24 og Stavanger Aftenblad omtala årsrapporten frå 2017, der prosjektet utvikla ei fempunktsliste for kommunikasjon som skal få «unge i dag til å heie på olje- og gassbransjen»

Anja Bakke Riise i Framtiden i våre hender, kalla denne rapporten «fascinerende, men også skremmende».

I tillegg til dei to prosjekta tilbyr Norsk Olje og Gass elevar i vidaregåande skule å bli med på oljesimuleringspelet PetroChallenge.

Vinnarane frå den norske finalen blir sendt til ein internasjonal finale. Siste finale var i 2019 i Cambridge. Denne tevlinga er lagt på is grunna korona.

SV-splid om vindkraft og oljestopp

Forslaget om å forby oljelobbyen tilgang til klasseromma, er venta å bli vedteke på SVs landsmøte i helga. Andre klimasaker seglar opp til å bli meir brennbare.

I forslaget til nytt SV-program dukkar det opp mange dissensar knytt til vindkraft og oljenæringa.

Fleire konfliktliner utkrystalliserer seg:

  • Klima mot naturvern.
  • Industrijobbar mot klimamål.

Slaktar vind på land

Fleirtalet i programkomiteen kjem med ei real breiside mot landbaserte vindkraftanlegg, som dei kallar «veldig naturødeleggende», der «kommunar og lokalmiljø har blitt overkøyrd i konsesjonsprosessane», og utbygginga ikkje har «bidrege til teknologiutvikling eller industriarbeidsplassar».

Forslaget blir møtt med to dissensar frå leiande SV-arar:

  • Eit mindretal vil berre seia nei til vidare utbygging i sårbar natur. Mellom dei er SVs miljøpolitiske talsperson på Stortinget, Lars Haltbrekken.
  • Eit anna mindretal vil nøya seg med ein restriktiv politikk for utbygging av vindkraft på land. Mellom dei er Oslo SV-leiar Sunniva Holmås Eidsvoll og leiar av Sosialistisk Ungdom, Synnøve Kronen Snyen.

I starten av mars sa partiet Raudt nei til all vindutbygging, også havvind. Storebror på venstresida, SV, ser på si side ut til å seia eit rungande ja til flytande havvind.

e

Medan fleirtalet i programkomiteen støttar utvikling og utbygging av flytande havvind, vil eit mindretal også la dette gjelde botnfaste installasjonar. Blant mindretalet er både Haltbrekken, Holmås Eidsvoll og Kronen Snyen.

Fleirtalet vil ikkje ha oljeslutt-dato

Til gjengjeld vil fleirtalet i programkomiteen i SV følgja Raudt i å skrota oljeslutt-dato.

Fleirtalet datofester ikkje når olje- og gassproduksjon skal opphøyra i Noreg. Til gjengjeld vil dei at det ikkje skal delast ut fleire nye leite- og utvinningsløyve på norsk sokkel.

Dei blir møtt med heile fire dissensar:

  • Fire medlemmer vil ha stopp på forlenging av utvinningsløyve frå 2030, utover dei som alt er gjevne.
  • Eit medlem – SU-leiar Synnøve Kronen Snyen – vil ha mål om å avvikla hele oljenæringa innan 2030.
  • Seks medlemmer vil ha krav om nullutslepp frå petroleumssektoren seinast innan 2040. Det skal skje gjennom elektrifisering.
  • Eit medlem går mot elektrifisering av sokkelen.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter