Nyheter

Knutby-pastor Helge Fossmo eit steg nærare fridom

SEKT: Denne veka vart tidligare Knutby-pastor Helge Fossmo flytta frå fengsel til open soning.

Drapsdømte Helge Fossmo vart onsdag flytta frå fengsel til eit såkalla «halvvägshus» der han skal sona siste del av fengselsstraffa. Det melder den svenske avisa Dagen.

Eit «halvvägshus» blir brukt i overgangen frå fengsel til fridom, og kan brukast av personar som treng ekstra støtte eller kontroll før dei blir lausslatne.

Helge Fossmo får ikkje forlata dette huset utanom visse tidspunkt, og han må bæra fotlenke.

Har førebudd lauslating

Den norskætta pastoren Helge Fossmo, som no har byta namn til Iversen, vart i 2004 dømt til livstid i fengsel i Sverige for medverking til drap og drapsforsøk.

I desember 2019 avgjorde Örebro tingrett at Fossmos livstidsdom kan gjerast om til 26 års fengsel. Det innebar at han kan lauslatast på prøve i april 2021.

Sidan då har kriminalomsorga førebudd lauslatinga, og på onsdag fekk han altså forlata fengselet der han har vore innelåst.

Advokat varslar gjenopptaking

Nyleg kom ein HBO-dokumentar om Knutby-saka. Advokat til Helge Fossmo, Anton Strand, seier at dokumentaren kjem med nye opplysningar.

Han seier til svenske Dagen at han no arbeider med å få saka gjenoppteken. Advokaten seier arbeidet blir forseinka på grunn av korona, men at målet er å koma i hamn innan dette året.




Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter