Året som forsvann
PÅ VENT: Nok ein dag med unntakstilstand i Noreg. Året har vore ei langvarig øving i å venta, ikkje minst for dei unge.
UTANFOR: Thomas Hylland Eriksen fotografert på Blindern i Oslo. Når han sit på kontoret og ser ut vindauget der skjer det ingenting utanfor. – På skjermen framfor meg skjer det mykje. Eg trur ikkje det er særleg sunt, seier sosialantropologen.
Erlend Berge
Det er litt over eit år sidan statsminister Erna Solberg gjekk på talarstolen og stengde ned Noreg.
Året har vore prega av dramatiske opplevingar for mange. Folk har mista jobben eller nokon nær seg. Kvinner har måtte føda utan far eller medmor. Gamle og sjuke har døydd utan at dei næraste fekk vera der med dei.
Men koronaåret er også historia om det som ikkje skjedde. Middagar, fotballkampar, korøvingar, stemnemøte, russefestar, juleselskap og fadderveker.
Bestill abonnement her
KJØP