Nyheter

I den augneblinken ein seier: «Det er ditt problem, eg klarer meg sjølv» – har me brote lenka som bind oss saman

VERDIKAMP: Ap-leiar Jonas Gahr Støre manar til kamp mot ulikskap, men vil ikkje reversera skattekutta til Solberg-regjeringa.

– Du må smila breitt, ropar ei treningskledd kvinne når ho ser Jonas Gahr Støre stilla seg opp for fotoseanse.

– Eg smiler alltid når eg ser deg, kokketerer det som kanskje er landets neste statsminister tilbake.

Men det er ikkje velferda til naboane her på beste vestkant som er grunnen til at Ap-leiaren har invitert Vårt Land på gåtur.

Her ute i skogen utanfor heimen hans på Ris i Oslo vil han snakka om kampen mot ulikskap, der rike dreg frå og resten blir sitjande fast i hengemyra.

– I åtte år har dei best stilte blitt prioritert gjennom store skattekutt. Dei som alt sit trongt i det, har blitt utsett for detaljerte kutt i velferda, som kutta i brillestøtta til barn eller til gratis fysioterapi til brannskadde.

Om skatten går opp og ned, skapar det ustabilitet.

—  Jonas Gahr Støre, leiar i Arbeiderpartiet

No lanserer han Aps tipunktsplan mot ulikskap, i samband med at programkomiteen tysdag denne veka legg fram andreutkast for partiprogram til landsstyret.

Kallar ulikskap «gift»

– Eg ønsker meg ein valkamp prega av verdiar. Det Noreg eg vil ha, er kjenneteikna av like moglegheiter og rettvis fordeling.

Støre varslar at stortingsvalet blir eit retningsval i kampen mot aukande forskjellar.

– Den amerikanske draumen om sosial mobilitet – at du kan bli kva du vil – den fungerer ikkje lenger. Amerikanske forskarar seier at det er i Norden at den draumen fungerer i dag. Her er forskjellane små.

Men dette er ikkje skrive i stein. Forskjellane aukar også i Noreg. I fjor haust kom ein rapport frå Statistisk sentralbyrå som anslår at den rikaste einprosenten i i Noreg rår over 19 prosent av inntektene.

Støre fryktar at aukande ulikskap svekker tillita mellom folk. Det kan gjera det vanskelegare å møte både klimakrisa og eldrebølgja.

– Ulikskap er gift for omstilling. I den augneblinken ein seier: «Det er ditt problem, eg klarer meg sjølv» – då har me brote den lenka som bind oss saman.

Åtvarar mot «berg-og-dalbane-skatt»

Ifølgje ei oversikt frå NTB, har Solberg-regjeringa kutta heile 34 milliardar kroner i skattar og avgifter dei siste åtte åra.

Sjølv om Støre går hardt ut mot desse skattekutta, vil ikkje han reversera dei. Ap nøyer seg med ei auke i formuesskatten på 7,2 milliardar kroner.

– Skal dei største kutta stå igjen på statsbudsjettet om de tek over?

– Det er dessverre slik at etter åtte år med slike kutt, kan du ikkje retta opp ting på eitt år. Me kan ikkje ha eit berg-og-dalbane-skattesystem. Om skatten går opp og ned, skapar det ustabilitet.

Arbeidarpartiet vil halda nivået på inntektsskatten uendra, men sørga for ei omfordeling slik at dei som tener under 750.000 kroner, betalar mindre.

Mange av dei rikaste i landet betalar ikkje inntektsskatt. Det er fordi dei har verdiar i aksjar og eigedom. Ei auke i formuesskatten som Ap legg opp til, vil råka dei.

Jonas Gahr Støre. Arbeiderpartiet.

Støre har arva verdiar og hadde i 2019 ei likningsført formue på 53,3 millionar kroner. Han seier han ikkje har rekna på kva skatteauken han jobbar for, vil kosta han personleg.

– Eg har merka eg har fått lågare skatt frå år til år under Solberg-regjeringa. Eg synest det er feil prioritering. Eg ville klart meg godt utan dei pengane. Det hadde vore meir rettvist om pengane gjekk til meir velferd for fellesskapen.

Før stortingsvalet i 2017 gjekk Ap til val på å auka skattane med inntil 15 milliardar kroner.

– Var det ein dårleg strategi?

– Ja. Dessverre vart det taket oppfatta som eit golv. Det var feil. Me må alltid utvikla ein politikk for vår tid, og no er Noreg midt oppe i ei krise. Då trur me at føreseielegheit og stabilitet er viktig.

Vil ikkje ha arveavgift

E24 si liste over dei med mest formue, er tre av ti fødd på 1990-talet. Det er fordi dei er arvingar til rike foreldre.

Aps potensielle regjeringskamerat SV vil gjeninnføre arveavgifta som vart avskaffa i 2014. Dei har ikkje Støre og Ap med seg på laget.

– Me hadde ei arveavgift som ramma folk med vanlege inntekter. Folk kunne ikkje arva hytta til bestefar fordi dei ikkje hadde råd til det. Derfor vil me ikkje gjeninnføre den avgifta, seier Støre til Vårt Land.

For å forstå Aps politikk bør ein ikkje gå til Trygve Hegnar.

—  Jonas Gahr Støre

Det er mykje uro rundt arveavgifta. Fleire advokatselskap rår folk til å vurdera å overføra verdiar no i tilfelle avgifta vert innført att. Trygve Hegnar har tidlegare skrive at 2020 er det siste friåret utan arveavgift.

– Er Ap ein garantist mot arveavgift?

– For å forstå Aps politikk bør ein ikkje gå til Trygve Hegnar. Me meiner at å auka formuesskatten er betre for å redusera forskjellane enn å gjeninnføra arveavgifta, seier Støre.

---

Her er nokre av punkta i Aps plan mot ulikskap

  • Fleire kvalifisere lærarar
  • Styrka retten til heiltid
  • Dobla frådraget for fagforeiningskontigent
  • Gradvis utvida den offentlege tannhelsetenesta
  • Auka minstepensjonen
  • Gratis SFO for førsteklassingar
  • Fleire tilsette i Barnevernet
  • Auka utlånsrammene til Husbanken
  • Meir omfordelande skattesystem

---

– Arbeidsløyse er dyrt

Blant Støres tiltak i kampen mot ulikskap, finn ein mellom anna gratis SFO til førsteklassingar, dobling av fagforeiningsfrådraget, tannhelsereform og fleire lærarar og barnevern-tilsette.

– Mange av tiltaka er ting me ikkje kan innføra på eitt år. Me må innføra tiltaka gradvis, i den takta som økonomien gjer det mogeleg. Det som avgjer kva me har råd til å gjera, er om folk er i jobb. Arbeidsløyse er dyrt.

For å få råd til tiltaka og for å redusera ulikskapen, er Støre meir oppteken av å få fleire ut i jobb enn å auka skattane.

– Det viktigaste me må ta tak i no, er å sikra unge menneske jobb. No er ein av fire av dei 200.000 som står utanfor arbeidslivet, under 30 år. Å hindra at det bit seg fast, er heilt avgjerande.

Støre ivrar for at det skal bli lettare å kombinera trygd og arbeid.

– Mange av dei som ikkje kan jobba 100 prosent, kan likevel jobba noko. Eg trur me har mykje å henta på å laga ordningar som gjer at ein kan jobba det ein klarer.

Jonas Gahr Støre. Arbeiderpartiet.

Stor respekt for KrF

Som barne- og familieminister har Kjell Ingolf Ropstad frå KrF sett kampen mot barnefattigdom på dagsorden. Jonas Gahr Støre hyllar innsatsen hans.

– KrF sitt engasjement mot barnefattigdom har eg stor respekt for. Det engasjementet deler me i Ap.

I dag lever rundt 111.000 barn i fattigdom. To av gjennomslaga til KrF er ei historisk auke i barnetrygda og ei prøveordning med fritidskort til ungdom.

Støre avviser ikkje å ta med desse tiltaka vidare, om han er med å danna regjering til hausten.

– Me har auke i barnetrygd inne i våre budsjett. Fritidskort har oppvekstutvalet vårt kome med forslag om. Men dette er prioriteringsspørsmål, der me må vurdera dette opp mot ting som gratis skulemat og billigare barnehage.

---

Ulikskap i Noreg

  • Noreg er mellom landa i verda med minst økonomiske forskjellar mellom folk.
  • Ulikskap blir ofte målt gjennom Gini-koeffisienten. Den går frå 0 til 1. Dess lågare den er, dess meir likskap er det i fordelinga av inntektene. Sidan 1986 har Gini-koeffisienten auka i Noreg frå 0,208 til 0,252.
  • Nyleg kom ein rapport frå Statistisk sentralbyrå som viser at den reelle ulikskapen kan vera mykje høgare. Den tek omsyn til tilbakehaldne eigarinntekter i selskap.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter