Nyheter

Evalueringsrapport: «Faglige hensyn tillegges relativt liten vekt»

Venstre kjempa Født fri inn på statsbudsjettet, Framstegs­partiet slo ring rundt Human Rights Service og Solberg-regjeringa fekk ikkje med seg at organisasjonen Justunity var lagt ned.

Ein evalueringsrapport som vurderte arbeidet til organisasjonane som får statsstøtte frå posten «nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet» på Kunnskapsdepartementets budsjett, var tydeleg:

Løyvinga til støtteordninga, der innvandrarorganisasjonar får øyremerka midlar, bør ­reduserast, for veksten har vore høg over år.

Dei organisasjonane som ­strevar med å nå oppsette mål, bør ut av ordninga, midla som blir til overs kan nyttast til andre tilskotsordningar. Men frivillige organisasjonar er nyttige reiskapar i politiske verktøykasser. Solberg-regjeringa og stortingsfleirtalet lytta ikkje til råda.

16 organisasjonar får vel 40 millionar kroner i år. Like mange og like mykje som i fjor.

Initiativet kom frå Abid Raja

November 2017: Venstre får i kampen om kronene, statsbudsjettet 2018, gjennomslag for å løyve fem millionar kroner til ein organisasjon som ikkje er etablert, langt mindre har eit namn. Venstres Abid Raja kontaktar samfunnsdebattanten Shabana Rehman og ber henne leie organisasjonen som skal fremme innvandrarkvinners kamp mot sosial kontroll. Ho takkar ja.

1. november 2017: Stortingsrepresentant - og initiativtakar – Abid Raja serverer kaffi til Amal Aden, Iram Haq og Shabana Rehman då det blei klart at organisasjonen som skulle bli etablert, Født fri, fekk pengar på 2018-statsbudsjettet. Om Født fri seier evalueringsrapporten at han blei til «på initiativ fra Abid Raja (V) og Trine Skei Grande (V), akkurat i tide til å motta tilskudd».

«Faglige hensyn tillegges relativt liten vekt»

Januar 2018: Konsulentbyråa Ideas2evidence og Vista Analyse leverer ein evalueringsrapport til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Han ser mellom anna nærare på dei øyremerka millionane regjeringa kvart år deler ut til «nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet». Slik får organisasjonar regjeringa likar, og som også har gode politiske vener på Stortinget, viktig statsstøtte:

«Ordningen er øremerket og i praksis svært politisk», seier rapporten, og held fram: «Integreringsfeltet er et felt flere politiske partier bruker aktivt i kommunikasjonen ut mot velgerne. En effektiv måte å nå frem til velgerne på, er å gjøre endringer i en tilskuddsordning: Små og enkle endringer i beløp eller mottakere kan få svært mye medieoppmerksomhet, og ha stor symbolverdi.»

Rapporten peikar på at «faglige hensyn tillegges relativt liten vekt» og at «det er også vanskelig å få klarhet i hva en del av organisasjonene egentlig bruker disse tilskuddsmidlene til, siden rapporteringen deres er så mangelfull».

Likevel seier rapporten at «det er hensiktsmessig med en slik tilskuddsordning». Men ho bør endrast: Dele ut færre kroner til færre organisasjonar, for nokre bør ut.

Måtte få pengar før tidsfristen gjekk ut

Same månad; januar 2018: Organisasjonen Født fri, som er under etablering, får eit forskot på 100.000 kroner som oppstartskapital. Organisasjonen blir formelt etablert i mars same år.

Om Født fri seier rapporten: «På et så politisk interessant område som integrering vil politikerne etter alt å dømme ha behov for å markere seg på en eller annen måte. Et dagsaktuelt eksempel på at politikere velger å støtte personer som er kjent gjennom media, er støtten til stiftelsen «Født fri» som ble tildelt 5 mill. kroner i forbindelse med Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2017».

Født fri blei til «på initiativ fra Abid Raja (V) og Trine Skei Grande (V), akkurat i tide til å motta tilskudd», skriv rapporten vidare. Fordi Født fri blei til i 2018, var han ikkje ein del av evalueringa til Ideas2evidence og Vista Analyse.

Frp-leiar Siv Jensen kjempa Human Rights Service (HRS) inn att på statsbudsjettet då Høgre strauk løyvinga. No er det Justisdepartementet som gjev HRS statsstøtte, ikkje Kunnskapsdepartementet.
Foto: Vidar Ruud/NTB

Frp-vern av islamkritisk organisasjon

Førre måndag konkluderte Kunnskapsdepartementet: Født fri mistar statsstøtta frå og med 2021. Det skjer etter ei gransking av konsulentselskapet EY på oppdrag for IMDi. Rapporten konkluderer med at økonomistyringa i stiftinga har vore dårleg.

Avgjera rettar på nytt søkelyset på post 71 i Kunnskapsdepartementets budsjett: Tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet.

Då Solberg-regjeringa la fram statsbudsjettet for 2020 i oktober i fjor, fekk 16 organisasjonar som «bidreg med å formidle røynsler og synspunkt frå eit breitt spekter av personar med innvandrarbakgrunn» 41 millionar kroner. I tillegg fekk islamkritiske Human Rights Service (HRS) 1,8 millionar frå Justisdepartementet (JD).

Lenge fekk også HRS støtte frå post 71. Men i revidert nasjonalbudsjett i fjor blei HRS flytta til Frp-styrte JD. I statsbudsjettet 2019 var støtta først kutta, men etter intern strid i regjeringa sikra Frp-leiar Siv Jensen HRS statsstøtte.

Lagt ned utan at departementet oppdaga det

Då 2020-budsjett blei lagt fram, løyvde Høgre, Frp, KrF og Venstre 900.000 til organisasjonen Justunity, som mellom anna hadde blitt omfamna av statsminister Erna Solberg (H). Ho inviterte Justunity saman med andre anti-radikaliseringsorganisasjonar til Statsministerens kontor, og sa til NTB at «de settes under mye press, men gjør en strålende innsats».

Organisasjonen, som blei skipa av Yousef Bartho Al-Nahi og Faten Mahdi Al-Hussaini, kom inn på statsbudsjettet med 500.000 kroner i 2016.

Men då 2020-budsjettet var presentert, kom det fram at Justunity var lagt ned våren 2019. Tom Erlend Skaug (H), dåverande statssekretær i Kunnskapsdepartementet, fortalde Resett.no at det hadde ein ikkje fått med seg i budsjettarbeidet: «Ved en feil er det foreslått å bevilge 900.000 kroner til JustUnity i budsjettet for 2020».

Summen ikkje med i det budsjettet Stortinget vedtok.

Justunitys kontaktperson og styreleiar, Tone Grøttum, opplyser til Vårt Land at alle Justunitys ubrukte midlar blei returnerte til IMDi i fjor.

17. mars 2015 inviterte statsminister Erna Solberg (H) Yousef Assidiq og Faten Mahdi Al-Hussaini, som utgjorde organisasjonen Justunity til møte på Statsministerens kontor.
Foto: Audun Braastad/NTB

Her svarar Kunnskapsdepartementet på kvifor råda i rapporten ikkje blei følgt:

Kunnskapsdepartementet tok ikkje ned talet på organisasjonar som får øyremerka midlar. Regjeringa ønskjer «breidde og mangfald».

Kunnskapsdepartementet var styrt av Høgre då evalueringa av «nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet» blei levert. I januar i år overtok Venstre ansvaret for departementet som styrer integreringspolitikken til Solberg-regjeringa. Statssekretær Grunde Almeland (V) svarar på Vårt Lands spørsmål om oppfølginga av rapporten Gjennomgang av post 71.

Ønskjer «breidde og mangfald blant organisasjonane som får tilskot»

– Blei ordninga «spissa», og blei det fastsett «klare tildelingskriterier og kriterier for måloppnåelse», slik evalueringsrapporten gav råd om?

– Dei nasjonale ressursmiljøa skal bidra til å auke kunnskapen om integrering i befolkninga. Det er klare retningslinjer og vilkår for utbetaling av tilskot til desse ressursmiljøa. Der er det òg strenge krav til rapportering gjennom ein statusrapport og ein årsrapport. Dei skal òg sende inn revisorattestert rekneskap til IMDi. At organisasjonane skriv under på desse vilkåra, er ein føresetnad for at tilskotsmidla blir utbetalte, skriv Almeland i ein epost til Vårt Land, og held fram:

– Det er viktig at ordninga tar vare på behovet og ønsket vi har for breidde og mangfald blant organisasjonane som får tilskot. Difor har det ikkje vore ønskeleg å spisse ordninga ytterlegare.

Statssekretær Grunde Almeland (V) i Kunnskapsdepartementet seier regjeringa ikkje ønskjer å kutte i talet på mottakarar av øyremerka tilskot, for ein ønskjer «breidde og mangfald blant organisasjonane som får tilskot». Foto: NTB

Tverrpolitisk støtte

– Kvifor blei ikkje løyvinga redusert og talet på mottakarar tatt ned?

– Vi vurderer årleg kva organisasjonar som skal få støtte gjennom ordninga og legg fram forslag for Stortinget som vedtek budsjettet. Det har vore tverrpolitisk brei støtte til dei organisasjonane som fekk støtte i 2020.

LES MEIR OM ORGANISASJONAR PÅ POST 71

Sjekket Født fri – direktorat grep ikke inn

Født fri fekk 100.000 på forskot

Født fri mister statsstøtten etter gransking: – Svært alvorlig, sier statssekretær

Venstre-topper ordknappe om Født fri-gransking

Raja avviste Rehman

---

Budsjettpost

  • Kunnskapsdepartementet har ansvaret for integreringspolitikken. Frå «Post 71: Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd» blir det kvart år delt ut øyremerka statsstøtte til «drift av nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet»; altså organisasjonar som departementet vel ut Stortinget godkjenner i samband med budsjettvedtaka.
  • Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), som forvaltar midla frå post 71, fekk ordningane evaluerte. Rapporten kom i januar 2018.

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter