Fleire parti på Stortinget viser no interesse for Født fri, som er i hardt ver etter at ein granskingsrapport avdekte manglande økonomistyring og at deler av statsstøtta kan ha blitt brukt til private formål.

Arbeidarpartiet og stortingsrepresentant Siri Gåsemyr Stålesen (Ap) krev svar på kvifor Venstre kunne gje pengar til Født fri, lenge før Født fri eksisterte.

Framstegspartiet og stortingsrepresentant Per-Willy Amundsen krev svar på kvifor statsstøtta til Født fri for 2018 er delt opp, først 100.000 kroner og så 4,9 millionar kroner.

I statsbudsjettinspurten i november 2017 var Frp med på å løyve fem millionar kroner til Født fri i 2018, fleire månader før organisasjonen var etablert.

Født fri fekk forskot

Nyvald Venstre-leiar og kunnskapsminister Guri Melby har ikkje svart Aps Gåsemyr Stålesen - ho har framleis nokre dagar på seg.

Men Frps Amundsen har fått svar: «I tilsagnsbrevet imøtekommer IMDi stiftelsens søknad av 15.01.18 om forskudd på 100 000 kroner til dekning av grunnkapitalen for opprettelse av stiftelse. De resterende 4,9 mill. kroner ble utbetalt i to terminer, i mars og august», skriv Melby.

IMDi er Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, som forvaltar pengane som går til organisasjonar som arbeider på integreringsfeltet.

Melby skriv at IMDi gav «Født Fri tilsagn på 5 mill. kroner for 2018 i tilsagnsbrev av 16.01.18»

Må ha 100.000 i grunnkapital

8. mars 2018 blei Født fri formelt etablert – som ei stifting. Alle stiftingar må ha ein grunnkapital, opplyser Stiftingstilsynet: «Grunnkapitalen er en del av egenkapitalen i stiftelsen og kan sammenlignes med for eksempel aksjekapitalen i et aksjeselskap. Det er denne kapitalen som danner grunnlaget for oppretting av stiftelsen» - og «en alminneleg stiftelse skal ved oppretting ha minst 100 000 kr i grunnkapital».

1. juni 2018 inviterte Født fri til offisiell opning av stiftinga.

Krev tre millionar utbetalt

IMDis utbetalingar av støttekroner skjer årleg i to rundar. Som følgje av granskingsrapporten er andre statstøtteutbetaling til Født fri, tre millionar kroner, stoppa.

Fredag blei et kjent at advokaten til stiftinga, Harald F. Strandenæs, har sendt eit brev til IMDi med krav om utbetaling av tre millionar kroner: «Det kreves (...) at bevilgningen for 2. termin 2020 stilles til umiddelbar disposisjon for stiftelsen».

Det var VG som først omtalte kravet.

Advokaten meiner at IMDi valde å halde tilbake siste termin av støtta allereie før granskingsrapporten var bestilt.

IMDis direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, Katarina Heradstveit, skriv i ei tekstmelding til Vårt Land at «IMDi kan bekrefte å ha mottatt et brev på vegne av Født Fri og vil besvare dette på vanlig måte. Utover det har vi ingen kommentar.»

Listhaug reagerar 

I eit intervju med VG seier Frp-nestleiar Sylvi Listhaug at ho aldri har opplevd makan. 

– Slik kan vi rett og slett ikkje ha det. Hadde vi som satt i regjering den gang fått vite om denne framgangsmåten, så trur eg utfallet kunne ha blitt eit anna, seier Listhaug til VG.

Ho meiner Raja og Venstre her har gikk penger til eit Venstre-prosjekt, utan at Stortinget og regjeringa vart informert. Det meiner ho er svært alvorleg. 

– Venstre ga i realiteten millionar av kroner til ein stiftelse, i all hemmelegheit, utan å informera om at Venstre sjølv stod bak at stiftinga så dagens lys, seier ho vidare. 

LES MEIR OM FØDT FRI

• Født fri mister statsstøtten etter gransking: – Svært alvorlig, sier statssekretær

• Venstre-topper ordknappe om Født fri-gransking