Nyheter

Godtek frifinning for bruk av Plog-vikar

Restauranten blei frifunnen for å ha brukt vikar frå Arne Vistes vikarbyrå Plog. Dommen blir ikkje anka.

Då ankefristen gjekk ut hadde påtalemakta bestemt seg:

– Statsadvokaten godtok dommen, opplyser politiadvokat Hans Petter Pedersen Skurdal til Vårt Land. Han var aktor i straffesaka som gjekk i Oslo tingrett i september.

Jobbar i vikarbyrået Plog

Restauranten i Oslo blei tiltalt for å ha hyrt inn ein vikar utan arbeidsløyve. Han arbeider for Arne Vistes vikarbyrå Plog som er mest kjent for å leige ut vikarar som manglar opphalds- og arbeidsløyve i Norge fordi dei er såkalla ureturnerbare.

I mai i år avviste Høgsteretts ankeutval anken over dommen til Arne Viste på eitt års fengsel på vilkår for å ha tilsett personar utan lovleg opphald som vikarar i Plog, som så blei leigde ut til ulike arbeidsgjevarar. Dermed var dommen mot Viste og Plog rettskraftig. Vikarbyrået blei også dømt til å betale ei bot på 1,5 millionar kroner samt til ei inndraging av 1,4 millionar kroner.

I tiltalen mot Oslo-restauranten meinte påtalemakta at ei bot på 600.000 kroner 
var tenleg. Men då saka kom opp i tingretten, prosederte aktor på at ei bot på 250.000 var meir høveleg.

Tente ikkje på lovbrotet

I dommen seier tingretten at etter deira syn ligg restauranteigarens «opptreden i nedre sjikt av simpel uaktsomhet. Retten legger stor vekt på at det kun foreligger liten grad av skyld».

Tingretten listar opp momenta som førte fram til frifinning:

Dagleg leiar forklarte at han ikkje kjente til Plog; «han fikk opplyst at dette var et bemanningsfirma for småjobber».

Han kjente ikkje til at Arne Viste «hjalp utlendinger uten arbeidstillatelse med å få jobb».

Vikaren var innleigd frå eit vikarbyrå, og då er det byrået «som har ansvaret for at arbeidstakeren har de nødvendige tillatelser, herunder arbeidstillatelse». Dermed var det ikke «uaktsomt at (...) ikke undersøkte om den innleide har arbeidstillatelse».

Dagleg leiar forklarte at han ikkje ville ha hyrt inn vikaren om han hadde mistenkt vikaren for å mangle arbeidsløyve.

Restauranten betalte vikaren tariffløn i perioden han arbeidde som vaskehjelp, så retten kan «ikke se at (...) har tjent på lovbruddet».

Burde lest dokument nøyare

På eitt punkt meiner retten at dagleg leiar i restauranten «har opptrådt uaktsomt». Han kom sjølv til Norge som flyktning og har difor røynsle med kva som skal til for å få arbeidsløyve. Tingretten skriv at han «i noen grad kan bebreides at han ikke brukte mer tid på å forstå hva dokumentet om arbeidstillatelse betydde, men anser at hans opptreden ligger i nedre sjikt av uaktsom opptreden i og med at bemanningsbyrået er arbeidstakerens arbeidsgiver med ansvar for at nødvendige tillatelser er på plass».

LES MEIR OM ARNE VISTE:

• Rettssak mot restaurant som brukte Plog-vikar

• Høyesterett avviser Arne Vistes anke

• Arne Viste dømt til eitt års fengsel på vilkår, men må ut med 2,9 millionar i bot og inndraging

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter