Nyheter

Venstre: Kork taxfree-salet

Fleirtalet i Venstres programkomité går inn for å skrote ordninga med taxfree. Dermed vil to av tre regjeringsparti stoppe salet av alkohol og tobakk med reiserabatt.

– Venstre har ikkje for vane å gje KrF ei handsrekning i alkoholsaker, men her er me samde i sak, seier Sondre Hansmark til Vårt Land.

Som leiar i Unge Venstre er han medlem i komiteen som snekrar nytt partiprogram for Venstre før stortingsvalet neste haust. Når Hansmark snakkar om ei handsrekning til KrF, er det fordi også programkomiteen i KrF ønskjer å avvikle taxfree-handelen med alkohol og tobakk.

– Tida er inne for å avvikle ordninga, sa Erik Lunde, leiar i KrFs programkomité, til Vårt Land på måndag.

Betalar kortbanar i distrika

Statlege Avinor, som driv storparten landets flyplassar, er sjølvfinansiert gjennom trafikkinntekter frå flyselskapa - og frå taxfreesalet som blir utført av kommersielle leigetakarar. I fekk Avinor inn totalt 2,9 milliardar kroner frå salet av taxfree-varer. Her dominerer alkohol og tobakk. Mykje av inntektene blir brukt til å oppretthalde kortbanenettet i Norge.

No rammar koronapandemien det statlege selskapet hardt. Inntektene frå taxfreehandelen første halvår 2020 var på berre 485 millionar kroner mot 1,3 milliardar i første halvår i fjor.

Går glipp av 3,7 milliardar avgiftskroner

Etter siste møte i Venstres programkomité blei det klart: Fleirtalet går inn for å fjerne taxfree-ordninga.

Hansmark, som tilhøyrer fleirtalet i den 13 medlemmer store komiteen, seier det er «fullstendig bakvendt» at folk skal få kjøpe billeg alkohol berre fordi dei reiser ut av landet med fly.

– Folkehelseinstituttet opplyser at staten går glipp av 3,7 milliardar avgiftskroner fordi nordmenn kan handle taxfritt, seier Hansmark.

Han er klar på at desse kronene kan brukast til mange oppgåver som er langt viktigare enn å støtte ei mindre gruppe nordmenn med billig sprit og vin.

– Dersom subsidiering er viktig, kan me heller setje ned avgiftene på vin, slik at alle vil kunne nyte godt av reduserte alkoholprisar.

Folkehelseinstituttet har rekna ut at taxfree-alkoholen står for rundt ti prosent av nordmenns konsum av brennevin, vin og sterkøl.

Venstre innskrenkar folks fridom

Unge Venstre-leiaren meiner at Venstre som eit klimaparti no må vedta at nok er nok. Å stimulere nordmenn til å reise med fly for å kunne handle taxfritt på flyplassar, er feil klimapolitikk, understrekar Hansmark.

Men han vedgår at forslaget frå fleirtalet i programkomiteen kan møte motstand i partiet:

– At Venstre skal gå inn for å avgrense fridomen til folk, kan utfordre fleire veljarar.

Sa nei på landsmøtet i 2017

Avgiftsfri vin, sprit og sigarettar var eit stridstema på Venstres landsmøte i 2017. Då partiet skulle vedta programmet for komande stortingsperiode ivra fleire for å skrote taxfreeordninga. Men då landsmøtet skulle fatte endeleg vedtak, sa eit stort fleirtal ja til å vidareføre ordninga.

Programkomiteen hadde opphavleg innstilt på eit klart nei til taxfree. I utkastet til partiprogram stod det at «Venstre mener taxfreeordningen har negative konsekvenser for miljø og klima, og foreslår derfor å oppheve muligheten til å selge alkohol- og tobakksvarer toll- og avgiftsfritt».

Men landsmøtet strauk punktet. Fleirtalet ville ikkje at Avinor skulle miste viktige inntekter.

Høyring i partiorganisasjonen

Tre og eit halvt år seinare skal snart partiet få førsteutkastet til revidert program. Programarbeidet blir leia av Guri Melby, som valkomiteen i Venstre vil ha som ny partileiar. Forslaget vil bli sendt ut 1. oktober for behandling mellom medlemmane. Endeleg program skal klubbast på landsmøtet komande vår.

LES MEIR:

KrF vil stengje taxfree-salet

Taxfreeselskap fjerner alkohol fra bonusprogram etter press fra Sp og KrF

---

Taxfree

  • Selskapet Travel Retail Norway (TRN) driv salet av taxfree varer på alle Avinors flyplassar i Norge, kontrakten varer fram til 2023.

  • TRN er eigd av tyske Gebrüder Heinemann - 50 prosent, og Norgesgruppen og Terje Stykket - 50 prosent.

  • Siden 2006 har eigarane av TRN fått vel to milliardar kroner i utbytte frå taxfreehandelen.

  • I fjor hadde Avinor inntekter frå taxfreesalet på 2,9 milliardar kroner.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter