Nyheter

KrF vil stengje taxfree-salet

Nordmenn treng ikkje kjøpe billeg alkohol og tobakk på utanlandsturar, konkluderer KrFs programkomité, og peikar på omsynet til klima, folkehelse og rettvis fordeling.

– Tida er inne for å avvikle ordninga med taxfree, seier Erik Lunde, leiar i KrFs programkomité, til Vårt Land.

Rundt ti prosent av all alkohol nordmenn konsumerer blir kjøpt med taxfree-rabatt, har Folkehelseinstituttet rekna ut. Men sidan mars har taxfree-salet stupt. For koronapandemien har langt på veg stengt ned det meste av flytrafikken inn og ut av Norge. No handlar nordmenn brennevin, vin og sterkøl på Vinmonopolet.

Med dette bakteppet går no KrF ut og varslar at dei vil kjempe for å ta frå folk retten til å kjøpe alkohol, tobakk og andre varer til nedsett pris berre fordi dei har vore utanlands. I arbeidet med forslag til nytt partiprogram for stortingsperioden 2021-2025, er programkomiteen blitt samstemt:

Taxfree er ikkje eit samfunnstenleg gode.

Dårleg for klima

Lunde listar opp innvendingane programkomiteen no legg på bordet:

Taxfree er klimafiendtleg, ordninga motiverer folk til å reise med det mest klimauvenlege transportalternativet, nemleg fly.

Taxfree er skadeleg for folkehelsa, ordninga oppmuntrar til å kjøpe store mengder alkohol ved kvar utanlandstur.

Taxfree er urettvis, for det er dei som har råd til hyppige flyreiser, eller som har mange jobbreiser, som blir premierte med rabatterte varer.

Svekkar folkehelse

Lunde seier ordninga er full av paradoks.

– På den eine sida ønskjer helsestyresmaktene at nordmenn skal redusere forbruket av alkohol og tobakk. På den andre sida blir nordmenn premierte med låge prisar om dei kjøper dei same varene på taxfree etter ein utanlandstur.

Når Lunde og komiteen ser seg rundt i Europa, ser dei at Norge er åleine om ordninga.

– No må også Norge stengje dette skatteparadiset.

Ein som er samd med KrF, er Harald Magnus Andreassen, sjeføkonom i SpareBank 1 Markets. I eit innlegg på NRKs Ytring skriv han at staten taper rundt tre milliardar kroner i avgiftsinntekter på dagens taxfree-ordning: «Det er ikke all verdens, men det er over 2.000 kroner i året for en familie på 4 personer.»

Nederlag i Stortinget

Lenge arbeidde KrF for at Vinmonopolet skulle få overta taxfree-salet. I dag er taxfree milliardbutikk for særleg det norsk-tyske konsernet Travel Retail Norway.

Då Stortinget handsama eit representantforslag frå Senterpartiet i 2018, gjekk Sp, SV og KrF saman om eit felles forslag: ««Stortinget ber regjeringen sørge for at Vinmonopolet overtar taxfree-salget av alkoholholdig drikke ved Avinors luftfartsvirksomheter når avtalen med Travel Retail Norway AS går ut i 2022 (...)»

Forslaget fekk ikkje fleirtal.

Avviste overføring til Polet

Då Solberg-regjeringa skulle utvidast med KrF i januar 2019, fremma partiet på nytt taxfree-over-til-Vinmonopolet-kravet. Men då sette Framstegspartiet seg på bakbeina. Kompromisset blei at saka skulle utgreiast. Jobben gjekk til advokatfirmaet Schjødt.

I februar gjekk helseminister Bent Høie (H) ut med konklusjonen: «Regjeringen har konkludert med at vi viderefører dagens politikk», sa han til Dagens Næringsliv.

Utgreiinga sa at ei overføring av taxfree-salet til Vinmonopolet kan true Polet som alkoholpolitisk verkemiddel og finansieringa av dei mindre flyplassane: «Det er med andre ord både dårlig alkoholpolitikk og dårlig distriktspolitikk», sa Høie.

Programkomitéleiar Erik Lunde i KrF er svært usamd:

– Det er ingen naturlov som seier at kortbaneflyplassane skal finansierast med taxfree-inntekter.

LES MEIR:

• Ap får KrF med på å korke Siv Jensens taxfree-kvote

• Taxfreeselskap fjerner alkohol fra bonusprogram etter press fra Sp og KrF

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter