Nyheter

Mørketidslys

Om enn kor malplasserte samanlikningane mellom 2. verdskrig og koronapandemien er, bør dei gjere oss optimistiske.

Emil André Erstad

Kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité

Det er vanskeleg å samanlikne situasjonen vi no opplever, med noko anna vi har opplevd. Angela Merkel har, til liks med mange andre, kalla pandemien den største utfordringa sidan andre verdskrig. Det er nok nærare fakta å seie at det er fleire ulikskapar mellom 2. verdskrig og koronapandemien, enn det er likskapar.

Likevel kjennest det dramatisk

Mørket under 2. verdskrig var så totalt, så prega av enorme øydeleggingar og den fundamentale mangelen på menneskeverd, at dagens situasjon knapt ville fått folk den gongen til å bekymre seg. Aasmund Steenstrup som var 17 år då krigen braut ut i 1939, og som sjølv vart bunden på hender og føter av Gestapo, sa til magasinet Tekna at «folk klager på at det er vanskelig med denne isolasjonen i dag, men det er jo litt blåbær i forhold til hvordan det var under krigen. Folk bør være litt mer ærbødige selv om de har det vanskelig nå. Klag ikke så lenge du kan være fri, og ha muligheten til å være ute». Kloke ord, etter mi meining.

Likevel, vi opplever det vi opplever no og det kjennest dramatisk med eller utan dei historiske referansane. Det kjennes dramatisk for økonomien, politikken og framtida vår. Eg bekymrar meg til dømes for framtida for verdas demokrati, ettersom land midt i Europa - som Ungarn og Polen - no ser ut til å suspendere demokratiet på ubestemt tid.

LES OGSÅ: Slik har diktatorene utnyttet korona-krisen

Grunnleggande idé under angrep

Samanlikninga med andre verdskrig bør i så fall gje oss lys i mørket, slik som då den store amerikanske forfattaren E.B. White i 1943 vart spurt av det føderale amerikanske krigsstyret for forfattarar, om å skrive ein kort respons til spørsmålet: «Kva er demokrati?». Han svara følgande:

«Surely the Board knows what democracy is. It is the line that forms on the right. It is the don't in don't shove. It is the hole in the stuffed shirt through which the sawdust slowly trickles; it is the dent in the high hat. Democracy is the recurrent suspicion that more than half of the people are right more than half of the time. It is the feeling of privacy in the voting booths, the feeling of communion in the libraries, the feeling of vitality everywhere. Democracy is a letter to the editor. Democracy is the score at the beginning of the ninth. It is an idea which hasn't been disproved yet, a song the words of which have not gone bad. It's the mustard on the hot dog and the cream in the rationed coffee. Democracy is a request from a War Board, in the middle of a morning in the middle of a war, wanting to know what democracy is.»

Lenge før koronaepidemien var det denne grunnleggande ideen som E.B White på så vakkert og poetisk vis formulerte den, som var under angrep. Den ideen som fekk sitt oppsving i åra etter den førre store krisa, 2. verdskrig.

LES OGSÅ: Emil André Erstad: «Pandemien kan tippe nokre av demokratia i verda over til autoritære diktatur»

Kven står att som vannarar og taparar?

Viss dei gode demokratiske og menneskerettstenkande kreftene klarte å vinne fram etter det djupe mørket den gongen, bør vi i alle fall klare det no.

I motsetnad til den gongen for 75 år sidan, er det ikkje så lett å sjå kven som står att som vinnarar og taparar når krigen mot viruset er over. Den gongen var det den frie verda (med unntak av autoritære regime som Sovjetunionen) som stod att som vinnarar. No er det ein risiko for at det spreier seg ei oppfatning om at autoritære statar generelt er betre til å handtere helsekriser som koronapandemien enn det demokratiske statar er.

Det er sjølvsagt feil, slik vi i Den norske Helsingforskomité viste i ein gjennomgang nyleg.

Parlamentarisk kontroll over kriselovene

Demokratia er dei mest effektive i kampen mot koronaviruset, langt meir effektive enn dei autoritære. Det handlar om noko så enkelt som at autoritære system tar sikte på å skape lydige menneske, medan demokratia er avhengige av at folk tar ansvar.

Demokratia involverer og ansvarleggjer befolkninga i kampen mot viruset, blant anna ved å halde fast ved ytringsfridomen og ved å halde parlamentarisk kontroll over kriselovene. Demokratia forklarar tiltaka og har dialog med innbyggarane som avgrensar forsamlingsfridomen, innfører sosial distansering og avgrensar økonomisk aktivitet.

Kan skje igjen

Etter at verda var så øydelagt som den var etter krigen, det var då vi for alvor fekk det internasjonale gjennombrotet for menneskerettane og demokratia i verda. Når folk sjølv kan sjå kven som var mest effektive i kampen mot koronaviruset, kan det skje igjen.

LES MEIR:

John Peder Egenæs: «Koronakrisen kan feie populister av banen»

Stefanusalliansen ser at smittesporingsteknologi misbrukes for å forfølge religiøse minoriteter

Ekspert frykter for nordmenns personvern under koronakrisen: – Vi lærte mye etter 11. september

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter