Nyheter

Rektor ringer rundt til foreldre for at borna skal kome på skulen

69 prosent av elevane ved Rommen skule i Oslo møtte til skulestart måndag. Rektoren forstår godt at mange foreldre er usikre.

– Det var fint å få mange av elevane tilbake på skulen i dag. Der var mange spente elevar i skulegarden, og tilsette på skulen melder om at det har vore ein fin første skuledag, seier Leif Arild Haaland.

Han er rektor ved Rommen barne- og ungdomsskule i Oslo. Skulen ligg i bydelen Stovner og har om lag 630 elevar frå over 50 ulike nasjonar.

Redde for at borna tek med smitte heim

12. mars vart alle skular i Noreg stengt på grunn av koronapandemien. Måndag 27. april var første skuledag for elevar på 1.-4. trinn.

Førebelse tal frå utdanningsetaten i Oslo, viser at 80 prosent av førsteklassingane møtte på skulen i hovudstaden måndag. Utrekninga er basert på svar frå 59 av 108 skular. Tal frå alle skulane kjem mot slutten av veka, ifølgje utdanningsetaten.

Ved Rommen skule møtte 69 prosent av elevane på 1.-4. trinn opp til skulestart. I slutten av førre veke tok fleire foreldre kontakt med rektoren. Dei var usikre på om dei ville sende borna på skulen.

– Dette dreia seg i hovudsak om at dei er redde for smitte, og at borna skal ta med seg smitte heim, fortel Haaland.

Måndag ringde han rundt til alle som ikkje møtte på skulen, for å snakke med føresette.

– Eg forstår godt at mange er usikre. Om vi kjem i dialog med føresette og fortel dei om tiltaka våre, kjem kanskje fleire tilbake på skulen dei neste dagane, håper rektoren.

LES OGSÅ: Har smitteprata med 350 familiar

Får telefonar frå heile landet

Darija Fabijanovyc har hatt mykje å gjere dei siste vekene. Ho er éi av 131 bydelsmødrer i Oslo. Sidan midten av mars har Bydelsmødre, ein ideell organisasjon basert på frivillig arbeid, sørgja for å gi riktig og viktig informasjon om koronaviruset til minoritetskvinner og familiane deira.

Fabijanovyc fortel at ho var blant dei første som tok initiativ til å hjelpe over telefon. Ho er bydelsmor i bydelane Bjerke og Alna. Mellom kl 11 og kl 15 dei siste vekene har ho teke imot telefonar frå bekymra foreldre i Oslo – og frå heile landet. Ho spør ikkje kvar dei ringer frå.

Veka før skulestart, tok ekstra mange kontakt.

– Mange var på jakt etter informasjon. Veldig mange sa at dei ikkje ville sende borna sine til skulen, seier ho.

Ho fortel at familiar med minoritetsbakgrunn ofte bur tett, gjerne saman med besteforeldre og andre slektningar. Derfor har mange vore bekymra for kva som ville skje om borna byrja på skulen att. Også rundt barnehagestart, fekk ho mange telefonar og meldingar.

– Dei spurde: Kva skal vi gjere? Kor mange barn kjem der til å vere? Kor mange tilsette? Dette er nytt for alle, det er vanskeleg å få oversikt.

Mange har venta til skulane opna med å sende borna i barnehagen, fortel ho.

LES OGSÅ: Loveleen Brenna: – Minoritetane blir svikta i krisa

– Ikkje alle skular sende ut informasjon i god tid

Førre veke ba bydelsmødrene om eit møte med Inga Marte Thorkildsen (SV), som er byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo. Dei ville forsikre seg om at dei ga riktig informasjon til bekymra foreldre.

– Det var ikkje alle skulane som hadde sendt ut informasjon i god tid. Det var mange lærarar som følte dei hadde dårleg tid på seg til å legge til rette for skulestart.

Bydelsmødrene fekk informasjon og hjelp frå Thorkildsen og ein rektor ved ein lokal skule.

Fabijanovyc har sjølv to barn som går ved Linderud skule. Ho er imponert over innsatsen til lærarane. Det er antibac på alle rom, og alle held éin meter avstand. I tillegg er elevane mykje ute og det er dei same gruppene som treffast, kvar dag.

Fabijanovyc, som kjem frå Kroatia og har vakse opp i Bosnia, er nestleiar ved foreldreutvalet ved skulen. Også der har ho bidrege til å informere andre foreldre.

– Eg prøver å få alle til å forstå at vi prøver vårt beste, alle saman. Dette er endå ein dugnad, seier ho.

Måndag snakka ho med ein sosiallærar på Linderud, som fortalde at mesteparten av elevane var til stades ved skulestart.

– Det betyr at det hjelpte, det vi har gjort, seier bydelsmora.

---

Skulestart

  • Alle skular i Noreg vart stengt 12. mars på grunn av koronapandemien.
  • Måndag 27. april opna alle barneskular for elevar frå 1.-4. trinn.
  • Også SFO og vidaregåande skular for yrkesfag, opna måndag. Fagskular, høgskular og universitet opna delvis.
  • Kjelde: NTB.

---

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter