– Dei bør få arbeidsløyve når dei har vore i landet i fem år, seier Sara Bell til Vårt land, og legg til:
– Ved å gje denne gruppa rett til å arbeide lovleg - og betale skatt, vernar me folk frå å ende opp som grovt utbytta arbeidstakarar som nesten ikkje får løn, og frå å bli rekruttert til organisert kriminalitet.
Bell meiner Norge som nasjon ikkje kan tolerere at menneske skal bli utnytta på det grovaste, berre for å oppretthalde ein streng asyl- og flyktningpolitikk.
LES MEIR: Endeleg blir han tiltalt
Rettssak startar måndag
Måndag startar ei historisk rettssak i Oslo tingrett. Aktivisten Arne Viste har fått oppfylt ønskje om å bli tiltalt for å tilsetje asylsøkjarar utan lovleg opphald i Norge.
Viste er dagleg leiar i bemanningsbyrået Plog. Kvar dag bryt han utlendingsloven med vilje. Han tilset nemleg asylsøkjarar som har fått endeleg avslag på asylsøknadane, eller som er såkalla ureturnerbare; heimlanda vil ikkje ta i mot dei. I Plog får dei vikarjobbar. Dei fire siste åra har Viste betalt ut 8,5 millionar kroner i løn til rundt 70 arbeidstakarar. Han tek også hand om skattetrekket.
– Eg er villig til å gå i fengsel for denne saka her. Om me så skulle levd i eit diktatur, og eg hadde risikert dødsstraff, sa Arne Viste til Vårt Land i august.
Han seier rettssaka handlar først og fremst om menneska han hjelper:
– Dei er ureturnerbare og lever på eit eksistensminimum.
LES MEIR: De lever på utsiden blant oss
LO-krav utan grense
I Norges største arbeidstakarorganisasjon har Arne Vistes krav om arbeidsløyve støtte i fleire forbund. På siste LO-kongress, i 2017, fremma Fellesorganisasjonen og Fagforbundet eit konkret forslag: Arbeidsløyve til dei som har vore i Norge i meir enn fem år.
Så langt ville ikkje kongressen gå. I langtidsprogrammet 2017-2021 seier LO: «Gå inn for at asylsøkere med kjent identitet og lovlig opphold i Norge får rett til arbeidstillatelse. Det samme gjelder ureturnerbare asylsøkere som har fått endelig avslag inntil retur blir mulig.»
– Men eg har ikkje registrert at LO-leiinga har løfta dette vedtaket særleg sterkt fram i samfunnsdebatten, eller at dei har lagt press på regjering og storting for å få realisert vedtaket, seier Sara Bell, leiar i Fagforbundet Bergen. Ho etterlyser sterkare politisk press frå LO sentralt.
– Vil du ta femårsgrensa opp att på LO-kongressen i 2021?
– Ja, og i perioden fram til kongressen, seier Bell.
LO-kongressen i 2013 vedtok at organisasjonen skal arbeide med å få etablert eit eige fagleg senter for papirlause. Seks år seinare er det ingen spor av senteret.
LO-leiinga hadde ikkje høve til å kommentere Bells etterlysing onsdag.
LES MEIR: Biskop Gunnar Stålsett: Jeg har brutt utlendingsloven
Nulling av D-nummer
Fram til 2011 fekk papirlause flyktningar arbeide, for etter søknad fekk dei tildelt ei såkalla D-nummer; eit mellombels personnummer. Men etter at Aftenposten i 2010 avslørte at det var svært lett å få D-nummer med hjelp av falske identitetsdokument, valde Skattedirektoratet å nulle ut alle som hadde D-nummer, og gjennomføre ein omfattande ID-sjekk.
Nullinga ramma ureturnerbare særleg hardt. Ei stor gruppe etiopiarar demonstrerte mot avgjerda ved å gå inn i Oslo domkyrkje og be om kyrkjeasyl i februar 2011.
Stoltenberg-regjeringa omgjorde ikkje avgjerda til Skattedirektoratet, så sidan 2011 har ikkje ureturnerbare hatt rett til å arbeide i Norge.
Gruppa tel rundt 3.000 personar.
---
Straffesak
- Plog-sjef Arne Visate har lenge prøvd å bli tiltalt for å brot på utlendingsloven. Han melde seg sjølv og aktiviteten til Plog til politiet, men påtalemakta etterkom ikkje ønskje om tiltale. I 2017 blei straffesaka lagt vekk. Politiet skreiv at «Etter en helhetsvurdering av bevisene i saken finner en ikke bevist ut over enhver rimelig tvil at Plog AS forsettlig eller uaktsomt har gjort bruk av arbeidskraften til utlendinger som ikke har nødvendig tillatelse til å arbeide».
- I sommar snudde politiet, påtalemakta tiltalte han for bruk av ulovleg arbeidskraft.
---