Nyheter

Vil berre hjelpe Hellas med pengar

Hellas opplever auka tilstrøyming av asylsøkjarar. Solberg-regjeringa gjev 330 millionar i asylstøtte, men avviser å avlaste med å hente asylsøkjarar til Norge.

– Det er ikkje aktuelt, seier statssekretær Torkil Åmland (Frp) i Justisdepartementet til Vårt Land.

Men Norge tok frivillig imot 1.500 asylsøkjarar i 2016 og 2017 for å avlaste Italia og Hellas, og var eit av få land som fylte kvoten.

I 2015 tok Europa i mot vel ein million asylsøkjarar og migrantar. Så godt som alle kom inn via to land, Hellas og Italia. For å avlaste la EU-kommisjonen fram eit relokaliseringsprogram. Medlemslanda skulle ta i mot asylsøkjarar frå Hellas og Italia og la dei søkje asyl i landa dei kom til.

Solberg-regjeringa valde å stille opp frivillig, og tok totalt 1.500 asylsøkjarar frå dei to landa. Mange EU-land, med Ungarn og Polen i brodden, nekta å ta ein einaste.

LES MER: Ein gresk tragedie

Overfylt

Vårt Land har vitja øya Lesvos i Hellas som husar landets største mottaks- og registreringssenter for asylsøkjarar - og fortalde laurdag at Moria-leiren er overfylt og butilhøva elendige. Lesvos ligg svært nærme Tyrkia og opplever no aukande tilstrøyming av asylsøkjarar som kjem i gummibåtar.

I 2017 kom det 29.700 til Kos, Leros, Samos, Chios – og Lesvos. I fjor kom det nesten 3.000 fleire.

Senteret dei blir stua inn på på Lesvos er bygd for 2.000, men husar 5.000. I tillegg bur opp mot 2.000 asylsøkjarar i telt utanfor senteret.

Flytting

Rett før jul oppmoda 20 hjelpe- og menneskerettsorganisasjonar, med Human Rights Watch, Amnesty og Oxfam i brodden, om ei relokalisering av asylsøkjarar frå fem greske øyar til land i Europa. I januar presenterte generalsekretær Trude Jacobsen i hjelpe­organisasjonen Dråpen i 
havet, som arbeider på øya ­Lesvos, ei løysing i eit intervju med Vårt Land: Etabler ei luftbru, tøm dei greske øyane for ­flyktningar, fordel dei i Europa.

– Norge bør vere eit føredøme ved å handle no. Framfor å vente på at EU løyser problemet med overfylte leirar på greske øyar, bør Norge ta initiativet og seie at «me tek så og så mange».

Svaret frå Solberg-regjeringa er kort og konsist: Ikkje aktuelt.

– Regjeringas politikk ligg fast. Me bidreg med pengar til Hellas gjennom EØS-midla med dei forpliktingane som følgjer, seier statssekretær Åmland i Justisdepartementet til Vårt Land.

LES MER: De Europa ikke ønsker

«Fengsel»

SV meiner tilhøva i Hellas gjev grunn til otte: «Flyktningkrisen i Hellas vokser. Leirene er overfylte, den sanitære situasjonen er svært dårlig, Helsestell mangler, mange mangler tak over hodet, vinterklær og sko, barna mangler skole og aktiviteter. Sikkerheten er dårlig. Torturofre og alvorlig traumatiserte mennesker stues sammen uten hjelp fører til vold og overgrep» skriv Karin Andersen (SV), leiar i Stortingets kommunalkomité, i eit skriftleg spørsmål til justis- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp).

Andersen spør om Solberg-regjeringa aksepterer at «situasjonen i disse leirene skal være slik og hvis ikke, hva gjør norske myndigheter for å bedre forholdene».

SV-toppen meiner mottaksleirane ute på øyane i praksis er «fengsel med standard som Norge på ingen måte kunne ha akseptert».

Ansvar

Justis- og innvandringsminister Wara vedgår at «forholdene i flere leire i Hellas er og har vært krevende over tid», men han påpeikar at det er greske styresmakter som har ansvaret. Frp-statsråden opplyser at Norge seinare år har gjeve monaleg økonomisk støtte til styrking av det greske mottaksapparatet for flyktningar og migrantar.

I 2017 signerte Norge og Hellas ein avtale om at regjeringa yter 33 millionar euro i støtte til to asyl- og migrasjonsprogram, som strekkjer seg fram til 2021. Avtalen er ein del av EØS-midla Norge betalar EU.

Besøk

Sidan Lesvos blei den store transittøya i 2015, det kom vel 500.000 flyktningar og migrantar frå Tyrkia det året, har éin norsk statsråd vitja Moria-leiren, det største mottaket for asylsøkjarar. Waras forgjengar Sylvi Listhaug (Frp) blei vist rundt ein månad etter at Tyrkia og EU blei samde om å strupe båtfarten mellom Tyrkia og Hellas i mars 2016:

«Jeg mener det er viktig at de som kommer, får en så bra oppfølging som det går an. Så er det veldig viktig at vi får begrenset tilstrømmingen», sa Listhaug til NTB. Ho understreka at Norge gav økonomisk støtte til både den greske utlendingsforvaltninga og hjelpeorganisasjonar.

Reduksjon

Våren 2017, etter eit år med nesten ingen flyktningtrafikk frå Tyrkia til Hellas, sa dåverande utanriksminister Børge Brende (H), i eit brev til Stortinget, at EU-Tyrkia-avtalen «er viktig for oss og for resten av Europa». Utanriksministeren poengerte at «avtalen har blant annet bidratt til en betydelig reduksjon i den ukontrollerte tilstrømningen av migranter til Europa».

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter