Fleire demonstrantar hadde møtt opp på Slottsplassen tysdag, mellom anna med regnbogeflagg, plakatar med abort som tema, samt plakatar med klima- og miljøbodskap. Då den utvida Solberg-regjeringa kom gåande cirka klokka 11.15 kunne ein mellom anna høyre «La olja ligge!» bli ropt.
I forkant var det likevel at Kjell Ingolf Ropstad «slepp unna» likestilling- og homopolitikk som skapte reaksjonar. Ropstad blir, som Vårt Land melde tysdag, barne- og familieminister. Likestillingsansvaret blir flytta frå Barne- og likestillingsdepartementet til kulturminister Trine Skei Grande og Kulturdepartementet.
Ei rekkje opposisjonspolitikarar har vore sterkt kritiske til at Ropstad slepp «homoansvaret», men på Slottsplassen blei han tatt i forsvar. Avgått KrF-leiar Knut Arild Hareide meinte kritikken har vore usakleg.
– Historia som er knytt opp til dette i media, er ikkje rett, sa Hareide til pressekorpset framfor Slottet.
LES OGSÅ: Derfor kan motvind ramme KrF og Venstres drømmejobber
Venstre ønskte det
Hareide sa at Venstre lenge har ønskt ansvar for likestillingsområdet – også før statsrådkabalen blei lagt. Og når Skei Grande får likestilling- og homopolitikk, får Ropstad livssynsansvar i retur.
Det betyr at nær 14 år etter at KrFs Valgerd Svarstad Haugland var kirke- og kulturminister i Bondevik 2-regjeringa, får KrF igjen ansvar for kyrkje-, tru- og livssynspolitikken.
– Det er kjempeviktig, slo Hareide fast.
Han seier at han ikkje kjenner seg igjen i den skarpe kritikken Ropstad har fått dei siste dagane.
– Han er ein flott mann, han er kunnskapsrik og søkande etter ny informasjon. Eg trur at når han går inn i si rolle, så vil det norske folk bli kjent med ein person som vil gjere sitt ytste og det beste for heile folket, sa Hareide.
LES OGSÅ: Slik blir den nye regjeringens trospolitikk
Blanda kjensler
Hareide la samstundes ikkje skjul på at han gjerne skulle sett ein annan politisk situasjon i Noreg.
– Eg kjenner dette blanda naturleg nok, det skulle berre mangle, sa Hareide, før han var tydeleg på at han er glad for at KrF får tre flotte statsrådar:
– Som skal løfte fattigdom, perspektivet til barna og Distrikts-Noreg. Det gler meg i dag.
Som venta var det Ropstad, Dag Inge Ulstein og Olaug Bollestad som blir dei tre statsrådane frå KrF i den utvida regjeringa. Bollestad blir ny landbruks- og matminister, og sparkar med det Bård Hoksrud (Frp) ut av regjeringa, medan Ropstad sparkar Linda Hofstad Helleland (H) ut av regjeringa.

Nyoppretta post for KrFs «raude»
Ulstein, som tidlegare har vore byråd i Bergen, blir utviklingsminister i den utvida Solberg-regjeringa. Ulstein tilhøyrde mindretalet i KrF som ønskte ei venstredreiing for partiet. Han er meint som ein representant for den «raude» sida i KrF – som ein samlande mann for partiet.
Ulstein erstattar Nikolai Astrup (H), medan Astrup går inn i den nyoppretta posten som digitaliseringsminister i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Den andre nyoppretta statsrådposten er samfunnstryggleiksministeren i Justis- beredskapsdepartementet. Den posten blir fylt av statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp).
Syversen til SMK
Også blant statssekretærane i dei ulike departementa skjer det endringar.
Hans Olav Syversen blir, som Vårt Land melde i går, statssekretær ved Statsministerens kontor (SMK). Han konkurrerte lenge med Olaug Bollestad om ein statsrådpost, men endar opp ved SMK.
Medrekna statsminister Erna Solberg er det no 22 medlemmar i regjeringa.