Nyheter

Han er for, frontar no SVs nei-haldning

Som leiar i Sosialistisk Ungdom var ­Nicholas Wilkinson for aktiv dødshjelp. Som SVs helsepolitiske talsmann frontar han SVs nei-haldning. På Stortinget engasjerer saka lite.

Vi spolar fire år tilbake i tid, ­kalenderen viser 2014:

«Akershus Sosialistisk Ungdom vedtok på sitt årsmøte å gå inn for en lovendring som vil tillate aktiv dødshjelp i ­Norge, med strenge restriksjoner», melder Nicholas Wilkinson på Facebook-sida til organisasjonen Foreningen Retten til en verdig død, som kjempar for å gjere aktiv dødshjelp lovleg i Norge.

Same år blir den unge SV-politikaren vald til leiar i ungdomspartiet, Sosialistisk Ungdom. Som SU-leiar fekk han eit spørsmål om det var éi sak han ville endre i partiprogrammet til moderpartiet.

Svaret var at han ville tillate eutanasi.

Talsmann

Ved stortingsvalet i september rykte Nicholas Wilkinson inn i den lovgjevande forsamlinga, som folkevalt frå Akershus SV. Partiet plasserte han i Stortingets helsekomité, og med det blei Wilkinson SVs helsepolitiske talsmann.

No frontar han SVs haldning i spørsmålet om aktiv dødshjelp og assistert sjølvmord:

– SV er imot, akkurat som dei andre partia. Det einaste unnataket er Frp, seier talsmannen til Vårt Land.

Wilkinson legg til at han personleg er for aktiv dødshjelp, men at SV som parti seier nei, og fordi han representerer SV, følgjer han partiets politikk.

Ligg fast

Før jul avgjorde Venstre at dei skulle starte regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp. Samstundes gjekk leiaren i Framstegspartiets Ungdom (FpU), Bjørn-­Kristian Svendsrud, ut i Aftenposten og oppmoda moderpartiet til å snakke høgare om aktiv dødshjelp.

Svendsrud peika på at Frp har styrt landet i fire år «uten at aktiv dødshjelp har vært en del av samfunnsdebatten». Men stortingsrepresentant Kari ­Kjønaas Kjos, som leia Stortingets helsekomité førre periode, la saka død. Ho opplyste at interessa for ein dødshjelpdebatt var minimal.

– Heit naturleg, meiner SVs Wilkinson, og forklarar det med at politikken ligg svært fast i denne saka, i alle fall fram til 2021.

Tagde

Vårt Land har gått gjennom ordskifta om eutanasi i førre stortingsperiode. I 2014 reiste KrF saka gjennom ein såkalla interpellasjonsdebatt. «Hva vil statsråden gjøre for å hindre at aktiv dødshjelp presser seg fram i Norge?», spurde helsetalskvinne Olaug Bollestad.

Debatten var over på under ein time. Han engasjerte ein statsråd, helseminister Bent Høie (H), og seks av 169 folkevalde. To frå høvesvis KrF og Høgre, ein frå Senterpartiet og ein Arbeidarpartiet. Dei andre partia tagde.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter