Saka sprakk sist onsdag. Ungdoms- og lokalpolitikaren Julia Sandstø stod fram og fortalte at ho hadde blitt trakassert og forfølgt av ein eldre tillitsvalt i KrFU.
Sandstø fortalde at ho hadde varsla to KrFU-leiarar i 2015. Etter å lese svar frå dagens leiarar i KrFU og KrF dei siste dagane, er ho krystallklar:
– Dei svikta meg for to år sidan. Og dei opptrer ikkje betre i dag.
– Kva burde dei ha gjort?
– Beklaga seg, ganske enkelt. Dei må erkjenne at dagens retningsliner for korleis ein møter grenseoverskridande handlingar er for dårlege.
I Aftenposten fortalde Sandstø at han som skulle vere hennar mentor som ung KrFU-politikar, byrja å bombardere henne med sms-ar, e-postar og telefonar, også etter at ho avviste han. Sandstø fortel om ein person som blei både manipulerande og pågåande, og som ringte rundt for å sjekke om ho hadde forhold til andre menn.
Aftenposten melde onsdag at trakasseringa varte nesten eitt år. Til Vårt Land seier Sandstø at sjølve trakasseringa varte frå tidleg september 2015 til februar 2016.
LES OGSÅ: Varslet om trakassering i KrFU
Genseoverskridande
– Korleis opplevde du KrFU-leiinga då du varsla om trakkaseringa i 2015?
– Dei skulle teke varselet meir seriøst. Det som verkeleg påverka kvardagen min, blei definert som ei ikkje-sak, opplevde eg.
Til Vårt Land onsdag fortalde Mathea Fjukstad Hansen, som var generalsekretær i KrFU i 2015, at leiinga i ungdomspartiet konsulterte moderpartiet og partisekretær og Kirkelig Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep (KR).
«Rådene vi fikk derfra, vurderte det som grenseoverskridende uønsket oppmerksomhet. Da fulgte vi opp saken derfra med det utgangspunktet», opplyste Hansen og sa at det blei laga «spelereglar».
Desse var: All kommunikasjon skulle skje på Sandstøs premissar, han skulle ikkje ta kontakt. Han skulle ikkje oppsøkje henne på arrangement og ikkje seie hei dersom dei møttest. Dersom det var arrangement dei begge skulle delta på, men som kunne vere ubehagelege for henne, skulle ikkje han møte.
Julia Sandstø er kritisk til løysinga:
– Eg, som varsla om trakassering, fekk ikkje møte denne personen frå Kirkelig Ressurssenter som blei konsultert. Eg fekk ikkje fortelje kva eg hadde opplevd. Det burde eg ha fått. Eg opplevde at «kva som var til det beste for meg», ikkje blei prioritert.
– Kva får deg til å seie dét?
– Eg opplevde at leiinga i KrFU var mest oppteken av å halde saka unna media, for ingen måtte få vite kva eg hadde varsla om.
LES SVARET FRA KRF: KrF beklagar handteringa
Kandidat
I 2015 var det klart for val i ungdomspartiet. Mannen Sandstø hadde varsla om var ønskt i eit viktig verv.
– Alle i leiinga var ven med han og ville ha han med.
– Kva meiner du burde blitt løysinga?
– Nokon burde ha fortalt han at han ikkje var ein skikka kandidat, meiner Sandstø.
– Kven er «nokon»?
– Leiarar i KrFU og KrF.
Julia Sandstø seier denne runden viser kor dårleg partiet handsama varslingssaka hennar.
– Eg blei spurt om det var greitt for meg om han stilte til val, for han hadde lova ikkje å kontakte meg meir. Eg var ikkje komfortabel med spørsmålet, og burde ikkje fått eit slikt val. Eg opplevde heller ikkje at eg kunne seie nei, ettersom leiinga gjorde det klart at dei trong han grunna manglande motkandidatar.
Gjekk av
KrFU valde mannen, noko som blei problematisk for den unge KrFU-politikaren, som på dette tidspunktet var styremedlem i Akershus KrF. For Sandstø blei på hausten 2015 valt til leiar i fylkeslaget, og måtte dermed møte mannen jamleg i KrFU-regi.
Difor melde Sandstø frå om at ho ikkje tok attval som fylkesleiar. Men etter mykje att og fram sa ho likevel ja til attval. Mannen kom fram til at han skulle trekkje seg frå vervet han hadde fått året før.
Møte
Før Aftenposten publiserte intervjuet med Julia Sandstø, varsla ho dagens leiarar i KrFU, leiar Martine Tønnessen og generalsekretær Otto Galtung – og møtte dei til eit orienteringsmøte.
– Tilbakemeldinga provoserer meg. Dei meinte det er snakk om ei «gråsonesak», og ba meg «tenkje på partiet», og såg helst at eg trekte intervjuet med Aftenposten, seier ho, og legg til:
– Akkurat som for to år sidan tenkjer dei mest på han, seier Sandstø.
Ho er mest provosert – og skuffa – over den samla reaksjonen i KrFU og KrF:
– Dei har ikkje beklaga at handteringa ikkje var god nok, og varsla at no skal vi lære og lage retningsliner som vil dekkje liknande saker i framtida.
– Kva har dei sagt, opplever du?
– Dei har nøgd seg med å seie at «dersom du kjenner det slik, at du er dårleg behandla, så beklagar vi det» og; «det er synd at du kjenner det slik».
– Kva bør skje no?
– Det trengs oppvask i KrF. Vi må på plass retningsliner som seier korleis slike saker skal bli handterte.
– Du har vore aktiv i KrFU i sju år, no er du vara til sentralstyret i KrFU og sit du i kommunestyret i Vestby for KrF, kva gjer opplevingane dine med motivasjonen til å hald å fram som politikar i KrF?
– Akkurat no: svært demotiverande.