Nyheter

KrF beklagar handteringa

KrF og KrFU inviterer Julia Sandstø til oppklaringsmøte. – Vi vil lære av hennar historie, seier generalsekretær Hilde Frafjord Johnson i KrF.

Både moderparti og ungdomsparti har svart skriftleg på spørsmål frå Vårt Land.

– Kva seier KrF til kritikken om at leiarar i KrFU og KrF burde fortalt den tillitsvalde at han ikkje var ein skikka kandidat til det sentrale vervet i KrFU, Hilde Frafjord Johnson?

– Det er vanskelig for meg å gå inn i vurderingene som ble gjort den gang, siden det var før min tid, skriv KrFs generalsekretær i ein epost til Vårt Land.

– Kva seier KrF til kritikken om at partiet ikkje har «beklaga at handteringa ikkje var god nok, og varsla at no skal vi lære og lage retningsliner som vil dekkje liknande saker i framtida»?

– Jeg beklager virkelig at hun opplever at håndteringen ikke var god nok. Vi tar dette på dypeste alvor. Og som jeg også har formidlet til Julia direkte, skal vi opprette et register for slike saker, i forbindelse med retningslinjene som vi nå har under videre bearbeidelse i partiet. Med hensyn til håndtering er vi i prosess med å se på våre retningslinjer og om det er ting som kan gjøres bedre for å sikre god håndtering av alle slike saker. Derfor har både jeg og KrFU invitert Julia til å møtes hvor og når hun måtte ønske, slik at vi kan lære av hennes historie.

– Kva seier KrF til at det «trengs oppvask i KrF» for å få på plass «retningsliner som seier korleis slike saker skal bli handterte»?

– Vi har retningslinjer for håndtering av slike saker, men er i prosess med å se på dem for å se om det er noe vi kan gjøre bedre utover dette og det varslingsregelverket som er på plass, som omfatter alle kritikkverdige forhold, inkludert trakassering, svarar Hilde Frafjord Johnson.

LES JULIA SANDSTØS HISTORIE: – Eg opplevde at leiinga i KrFU var mest oppteken av å halde saka unna media, for ingen måtte få vite kva eg hadde varsla om.

Svikta

– Kva seier KrFU til kritikken om at organisasjonen «svikta meg for to år sidan. Og dei opptrer ikkje betre i dag», Otto Galtung?

– Det er veldig leit å høyra, og eg beklagar verkeleg at ho opplever det slik. KrFU tok tak i varslinga umiddelbart og dagen etter oppsøkte dåverande generalsekretær Julia for å høyre heile hennar historie, skriv generalsekretær Galtung i ein epost, og held fram:

– Intensjonen var heile tida å ivareta Julia på best mogleg måte. Me har prøvd å få til ein dialog med Julia kvar dag no. Me har tilbydd ho støtte og bistand og invitert ho til å møtast, slik at me kan få snakka saman. Det har ho til no avvist. Eg vonar likevel me kan få til eit møte så snart ho er klar for det.

– Kvifor fekk ikkje Sandstø tilbod om på møte personen frå Kirkelig Ressurssenter og fortelje kva ho hadde opplevd?

– Då dette skjedde før mi tid er det vanskeleg å svara på. I etterpåklokskapens ljos ser me nok at det kunne vore lurt.

Leiarråd

– Kva seier KrFU til at «leiinga i KrFU var mest oppteken av å halde saka unna media, for ingen måtte få vite kva eg hadde varsla om»?

– Dette stemmer ikkje. KrFUs leiing var mest oppteken av å handtera saka på best mogleg måte og å ivareta Julia. Ein følgde retningslinjene i partiet og innhenta råd frå meir erfarne leiarar, nettopp for å gjera ting riktig. Det var dette KrFU leiinga var oppteken av.

– Kva seier KrFU til kritikken om at leiarar i KrFU og KrF burde fortalt den tillitsvalde at han ikkje var ein skikka kandidat til det sentrale vervet i KrFU?

– I KrFU forsøkte ein å følge retningslinjene. Med grunnlag i dei og i ljos av ekspertvurderinga såg ein ikkje at han skulle takast frå verv og la difor til rette for at begge kunne vera ein del av organisasjonen samstundes. Han var sjølv viljug til å trekke seg allereie då, dersom Julia ynskja det, noko ho på direkte spørsmål avkrefta. Då ho seinare ikkje ville ta attval som fylkesleiar i Akershus KrFU viss han fortsatte, trekte han seg.

Retningsliner

– Kva seier KrFU til kritikken om at partiet ikkje har «beklaga at handteringa ikkje var god nok, og varsla at no skal vi lære og lage retningsliner som vil dekkje liknande saker i framtida»?

– Me er svært lei oss for at Julia ikkje har opplevd handteringa av denne saka som tilstrekkeleg. Me har retningslinjer i partiet, me har alt varsla landsstyret vårt at dette skal me gå igjennom. Dette vil me jobba med framover.

– Kva seier KrFU til at det «trengs oppvask i KrF» for å få på plass «retningsliner som seier korleis slike saker skal bli handterte»?

– I KrFU har me allereie retningslinjer for handtering av mistankar eller skuldingar av denne typen, men me har alt byrja arbeidet med å forbetre retningslinjene våre, og er mellom anna i kontakt med eksterne aktørar for å bistå oss i dette.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter