Vil inspirere med religiøst samarbeid

– Vi snakkar mykje om dialog, men vi kan ta det eit steg vidare, meiner misjonær og forskar Arngeir Langås. Han trur mange kan lære av Zanzibar.

Dei fleste på Zanzibar praktiserer ei moderat form for sufi-islam, og meir fundamentalistiske grupperingar har slitt med å få fotfeste her. Forskar og misjonær Arngeir Langås meiner samarbeidet mellom kristne og muslimar på øya kan inspirere andre.
Publisert Sist oppdatert

Etter eit omstridt presidentval på Zanzibar i 2001, vart minst 35 menneske drepne og meir enn 600 såra under ein demonstrasjon i byen Pemba. Mange flykta til nabolandet Kenya.

– Mange var redde for at dette­ skulle eskalere, fortel Arngeir Langås, som var misjonær på øya frå 2002 til 2010.

Dei religiøse leiarane på øya spurde seg: Kva kan vi gjere? Mange høyrer på oss. Om vi tek eit initiativ for fred, så kan det kanskje hjelpe.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP