Blåblått asylskremsel nådde millionar

Hausten 2015 kom rekordmange asylsøkjarar til Norge. Regjeringa svarte med skremmekampanje i sosiale medier – og lukkast med å nå heile 11,5 millionar personar.

Flyktningar og migrantar flest har mobiltelefon. Denne brukar dei til å samle inn livsviktig informasjon medan dei er undervegs. Her ladar ei gruppe menn telefonane sine i byen Idomeni nord i Hellas hausten 2015.
Publisert Sist oppdatert

– Justisdepartementet prøvde å fjernstyre migrantane, seier Jan-Paul Brekke til Vårt Land. Han er forskar ved Institutt for samfunnsforskning (ISF).

Varsla om at Norge, i 2015, måtte bu seg på å ta i mot svært mange fleire asylsøkjarar enn tidlegare år, kom i det sommar gjekk over i haust. I juni søkte 1.141 asyl, i november søkte 8.661 personar om det same.

I Justisdepartementet såg politiske leiing med stigande uro på tilstrøyminga. Justisminister Anders Anundsen og statssekretær Jøran Kallmyr, begge frå Framstegspartiet, byrja å leite i verktøykassa, men fann ut at noko heilt nytt måtte prøvast ut for å få fortalt potensielle asylsøkjarar at dei ikkje burde planleggje ei reiserute som skulle ende i Norge, fortel evalueringsrapporten Communicating borders frå ISF.

Powered by Labrador CMS