Nyheter

Fattige får tilbake bistandsmilliardar

Verdas fattige 
får tilbake pengar frå Sverige. Flyktningstraumen kom ikkje.

– Solberg-regjeringa bør lære av Sverige, seier Kjell Erik Øie til Vårt Land. Han er generalsekretær i hjelpeorganisasjonen Plan Norge.

Øie viser til det faktum at akku­rat som i Sverige har asylstraumen til Norge minska kraftig. Det gjev dei blåblå mange milliardar kroner ekstra å rutte med allereie i neste års budsjett. NTB har rekna ut at det er snakk om nesten seks milliardar i mottaksfasen i 2017 åleine.

LES MEIR Skuldar Hareide for å bløffe om flyktningar

Søkte asyl

For eitt år sidan var dette nyhendebilete i Norden:

Store grupper flyktningar på vandring nordover i Europa fann vegen til Danmark, Finland, Sverige og Norge. Særleg kom det mange frå Syria, Afghanistan og Eritrea.

Immigrasjonsstyresmaktene i dei nordiske landa gav tydeleg råd til regjeringane: De må bu dykk på at det vil kome mange også i 2016.

Regjeringane svara med å omdisponere milliardar på bistands­budsjetta; frå tradisjonell langsiktig bistand til flyktning­innsats, slik det er rom for å gjere. I Sverige omdisponerte den raudgrøne Löfven-regjeringa fire milliardar kroner, i Norge omdisponerte den blåblå Solberg-regjeringa nesten to milliardar. I begge land var protestane frå bistandsorganisasjonane høglydte.

Ubrukte milliardar

No har Löfven-regjeringa ved utvik­lingsminister Isabella Lövin­ og finansminister Magdalena ­Andersson kome på andre tankar. Fordi det har kome – og kjem – langt færre asylsøkjarar til Sverige enn det prognosane sa, hopar ubrukte milliardar seg opp på asylkontoar.

Lövin og Anderssons ferske grep er å omdisponere nesten fire milliardar kroner tilbake til langsiktig bistand – og plusse på med nesten 2,5 milliardar kroner som skal gå til barn på flukt.

– Verda treng land som viser leiarskap i den akutte humanitære situasjonen, seier utviklingsminister Isabella Lövin i ei pressemelding, som er sendt ut etter at ein budsjettavtale mellom dei raudgrøne regjeringspartia og Vänsterpartiet kom i hamn før helga.

Sveriges utviklingsminister, som også er visestatsminister, forklarar tilbakeføringa av fire milliardar kroner til langsiktig bistand slik:

Framtidstru

– Mat, filter og medisin er ikkje nok. Også langsiktige tiltak må på plass for å byggje framtidstru hjå dei som sit fast i flyktning-leiarar. Og vi må forsterke arbeidet med freds- og statsbygging, demokrati og menneskerettar for å hindre at konfliktar bryt ut.

Då Solberg-regjering­a i fjor haust presenterte bistands­kutta som skulle betale asyl­tilstrøyminga, var Plan mellom dei mange hjelpeorganisasjonane­ som brukte harde ord:

– Dette er eit svik mot dei aller fattigaste. Dei som har minst, sit igjen med den største rekninga, sa informasjonssjef Siv Meisingseth til NRK.no.

LES MEIR Overfladisk kjendisbistand

Før tilbake

Nesten eit år seinare har generalsekretær Kjell Erik Øie klare synspunkt på korleis Solberg-regjeringa og utanriksminister Børge Brende (H) kan bruke dei ubrukte asyl­milliardane:

– Vi meiner at pengar som er ubrukte, bør gå til dei fattigaste og gjerne til dei fattigaste barna­ i verda. Vi meinte i fjor haust at dei fattige ikkje skulle betale ­rekninga for flyktningstraumen, og vi held fast på det argumentet. Regjeringa bør lære av Sverige og føre pengane tilbake til dei fattige.

Vent og sjå

På spørsmål til Utanriksdepartementet om statsråd Brende har planar om å følgje i svenske fotspor, får Vårt Land dette e-postsvaret frå kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg:

– Dette er eit spørsmål som regjeringa vil ta stilling til den ordinære budsjettprosessen.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter