Verdig alderdom

Vi må ikkje få eit samfunn der høg 
alder er eit større tabu enn død.

Jakta på evig ungdom har knappast vore sterkare enn i vår eiga tid. Vi rår over eit ­arsenal av middel til å halde aldring på avstand, frå botox-injiseringar i pannebrasken til kirurgisk fjerning av skrukkete hud, skriv kulturredaktør
Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Kva plass har det gamle mennesket i det norske samfunnet i dag? Den gjennomsnittlege levealderen har auka kraftig på berre eit par generasjonar. Dei seinare ti åra har talet på nordmenn over 67 år auka med dryge 36 prosent, ifølgje tal frå Statistisk Sentralbyrå. Den varsla eldrebølgja er allereie i ferd med å skylje inn over oss. I denne situasjonen er det grunn til å stille nokre grunnleggande spørsmål kring korleis vi oppfattar alderdom.

Fryktar aldring

Det er nemleg grunn til å frykte at alderdom i framtida blir oppfatta som eit større tabu enn død. Kanskje er vi der allereie. Jakta på evig ungdom har knappast vore sterkare­ enn i vår eiga tid. Vi rår over eit arsenal av middel til å halde 
aldring på avstand, frå botox-injiseringar i pannebrasken til kirurgisk fjerning av skrukkete hud.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP