Seier nei til moskégåver frå Saudi-Arabia

Muslimar i Florø vurderer å be privatpersonar i Saudi-Arabia om pengar til moské. Som utanriksminister sa Jonas Gahr Støre nei til slike gåver i 2010. Som Ap-leiar seier han også nei.

Prins Salman bin Abdulaziz Al Saud (t.h.) møtte Jonas Gahr Støre i Oslo i mai 2010, då Støre var utanriksminister. No som den gongen meiner Støre at vi ikkje skal byggje moskear i Norge med støtte frå Saudi-Arabia.
Publisert Sist oppdatert

– Eg er skeptisk til at statar som vil finansiere religionsutøving i Norge, men som sjølv ikkje praktiserer religionsfridom, seier Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre i eit intervju med Vårt Land.

Fordi islam er statsreligion i den mektige oljestaten, er det ikkje lov å byggje andre gudshus enn moskear i Saudi-Arabia. Forbodet fekk Utanriksdepartementet (UD) til å reagere i 2010.

Då to norske muslimske forsamlingar søkte om UD-godkjenning for at dei skulle få saudiske pengegåver til moskébygging, sette dåverande utanriksminister ned foten.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP