Den litle forskjellen
På laurdagskvelden bør ein få slappa av frå press og stress. Det er grenser for kor langt ein skal gå for å vera inkluderande.
Dei har ofte empanadas i staden for taco på fredagar, og heime blir norsken blanda med spansk, skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen om familien som ikkje er heilt inkludert.
Kom igjen, alle saman! Nå kjører me heim, ropar ein far. Barnebursdagen er over, denne gongen er det han som hentar sonen og naboungane. Foreldra i nabolaget samarbeider om å kjøra og henta, det er så praktisk å ta med alle når ein bur i same gate. Det vil seia, alle unntatt Daniel. Det er berre plass til fire ungar i bilen, og Daniel er alltid nummer fem.
Han har budd i same gate som dei andre sidan barnehagen, nå går alle i same klasse. Foreldra flytta hit, fordi byggjefeltet var så barnevennleg. Sjølv om både Daniel og foreldra er fødde her i distriktet, er dei innvandrarar for naboane. Namna og utsjånaden avslører dei. Men det er fleire tiår sidan besteforeldre-generasjonen flykta hit frå eit sør-amerikansk diktatur, og både mor og far lever ganske likt som naboane. Begge kjører bil til jobb og et knekkebrød med brunost til frukost. Men dei har ofte empanadas i staden for taco på fredagar, og heime blir norsken blanda med spansk.
LES OGSÅ: USA har klart å utvide hva det er å være amerikaner
Bestill abonnement her
KJØP