Nyheter

Som ein modig riddar kjempa Hans Rosling for framtidshåpet vårt

«Aapapapapapp, du har utelate noko her!» seier akademikarane. Då krev det mot og indre tryggleik å gjera noko enkelt.

Dette innlegget ble først publisert i oktober 2015. Vi har hentet det fram igjen i forbindelse med at professor Hans Rosling døde 7. februar 2017, 68 år gammel.

Det här är ingenting man kan diskutera, jag har rätt och du har fel! seier Hans Rosling utan å nøla.

Professoren frå Karolinska institutet er på besøk i dansk TV og leksar opp for journalisten så øyrene flagrar: Ein kan ikkje nytta media om ein skal forstå verda. Viss ein trur at fleirtalet av verdas befolkning er svært fattig, at jentene ikkje går på skule og at dei prøver å flykta til rike land, så veit ein ikkje korleis det er.

Kjempar som ein modig riddar

Den danske journalisten er skeptisk og viser til at «media rapporterer jo om verdas tilstand slik han er, og det er krig, konfliktar, kaos og uro». Men ved hjelp av skoen sin og sju raude eple, viser Rosling at det store mediebildet eigentleg er ein liten del av røynda. Utviklinga i verda er ikkje mørk, ho er lys.

LES OGSÅ: Frykter flyktninger kommer til å fryse i hjel

Bak den strie luggen og brillene langt nede på nasen, glitrar augo, viddet og klokskapen. Me som ser på, nyt showet: Som ein modig riddar kjempar han for framtidshåpet vårt og vinn over den ­negative, arrogante motstandaren.

TED talk-stjerne

Nærmare tre millionar har sett videoklippet på Facebook dei siste par vekene. Det er god grunn til å tru at dette ikkje er folk som i utgangspunktet er spesielt interesserte i Rosling sitt fagfelt.

Me ser på fordi det angår oss. Professoren har forstått kva god kunnskapsformidling er og tatt følgene av det.

Som akademikar kan ein kommunisera ein narrativ som har relevans for konteksten til sin eigen spesifikke, relativt marginale demografi. Eller ein kan altså fortelja slik at folk flest opplever at det angår dei. Hans Rosling har valt det siste.

LES OGSÅ: UDI-sjef: – Asylsystemet er uegnet for dagens situasjon

Det betyr at han forenklar, og utelet viktige detaljar – fordi dei er detaljar. Han vil at folk skal forstå kva han seier, og at dei ikkje skal sovna undervegs.

Han kunne satsa på studentane sine og internasjonale fagmiljø som publikum, men han har blitt TED talk-stjerne i staden.

Presisjon

Det går ut over presisjonen, og presisjon er ein av vitskapen sine høgste verdiar. «På den ene side, men på den andre side» seier akademikarane til fagfellene sine.

Det krev mot og indre tryggleik å slakka av på presisjonen. Der er alltid nokon, ikkje minst fagfeller, som kan seia: «Aapapapapapp, du har utelate noko her!»

Det presise, komplekse språket trumfar når det gjeld seriøsitet. Og å bli sett på som useriøs er noko dei færraste akademikarar traktar etter.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Så då står me heller der saman, me som kan noko om det same. Me akkar oss over dei andre, dei som er så grunne og altfor uinteresserte i dette viktige som me veit.

Tilsynelatande kunnskap

Rosling har oppdaga alle desse vanlege folka som strener forbi. For vankunna gøymer ljoset ute i den offentlege samtalen.

Sosiale og antisosiale media fløymer over av det som tilsynelatande er kunnskap, men som er det motsette. Filmsnuttar og blogginnlegg dukkar opp i folk sine facebookfeedar med «vitskapleg funderte» påstandar, som eigentleg er propaganda frå English Defence League.

Det er på denne slagmarka kampen om dagens menneske sine tankar står.

Fagfolk må våge seg utpå

«Det ein lærte på skulen blir ikkje oppdatert. Det ein lærte som 15-20 åring blir verande resten av livet, og det duger ikkje med dei forandringane me har i dag,» seier Hans Rosling.

Forskingsformidling blir stadig løfta fram som satsingsområde for kunnskapsinstitusjonar. Kommunikasjonsfolk blir tilsette for å bidra.

Men det er fagfolka som må våga seg utpå. Verda treng dykk.

PS. I videoklippet frå Danmarks Radio spelar journalist Adam Holm uvitande. I eit godt intervju er det ofte «dumme» spørsmål som får både ­eksperten og faget til å skina. Dei beste journalistane held seg for gode til å visa kor gode dei er.

Skrevet av Ann Kristin van Zijp Nilsen er kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for magasinet Tørst

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter