Stel dei fattiges sandstrender
Sand er så etterspurt i byggjeindustrien at sandstrender i fattige land blir stolne. Kystlandsbyar utan sandvern blir ete opp av havet.
Kvinna kosar seg på ei sandstrand på den karibiske øya Jamaica. Sandtjuvar har selt strandsand frå denne øystaten.
Brennan Linsley
Byggjeboomen i særleg Asia og Latin-Amerika etterspør ei finkorna råvare: Sand.Men det er ikkje nok byggjesand til sals på den legale marknaden. Difor er sandtjuveri blitt ei attraktiv næring. Resultatet er langstrakte, opne sår i kystlandskap i særleg fattige land, lyder alarmvarselet frå UNEP, FNs miljøvernorganisasjon.
– Vi snakkar om alvorleg miljøkriminalitet, seier rådgjevar Fredrik Myhre i Verdens naturfond (WWF) til Vårt Land.
Sandtjuveria har alvorlege konsekvensar for både menneske og dyr. Havet forsyner seg av landsbyar og natur som tidlegare låg i ly bak sandbankar. UNEP fortel at sandtjuveria er synlege i land som Kapp Verde, Jamaica, Indonesia og Marokko. Landskapet sandtjuvane etterlet seg er fæle, seier Robert Young til Spiegel.de. Han er kystforskar ved Western Carolina University:
Bestill abonnement her
KJØP