Kritiserer nordmenn for liten gjevarglede
47 kroner per nordmann blei samla inn under årets TV-aksjon. Skammeleg lite, seier innsamlingsekspert.
Nesten ein femtilapp frå kvar. Årets TV-aksjon sette innsamlingsrekord med 240 millionar kroner – eller 47 kroner frå kvar nordmann. Det meiner Jan Olav Ryfetten i Stiftelsen Soria Moria ikkje er noko å slå seg på brystet av.
Sigmund Rønsen Aarhaug
To timar sundag ettermiddag gjekk rundt 100.000 bøsseberarar ut i Norge og samla inn pengar til vassprosjekt i regi av Kirkens Nødhjelp (KN).
Måndag viste oppteljinga at årets TV-aksjon hadde sett ny innsamlingsrekord. 240 millionar kroner trilla ut av bøssene, og summen inkluderer 35 millionar kroner frå Solberg-regjeringa.
Resultatet skapte glede i KN:
Bestill abonnement her
KJØP