Alt som er rett!

Salme 146 sparar ikkje på lovprisinga av Herrens velgjerningar. Og vi ser rundt oss for å finna spor etter den utopien av velstand og rettferd som salmen seier finst kring Gud.

Publisert Sist oppdatert

No er det ikkje så vanskeleg å finna spor etter Gud. Jorda og alt som fyller henne, vitnar om hans skaparkraft, alt godt og byggjande minner om hans godleik. Men verda avslører også at det står dårleg til med rettferda, med hjartelaget, med oppreisningskreftene.

Kristne vedkjenner trua på eit nytt og fullkome rike, eit evig framtidig rike med rettferd og fred. Men aldri skal vi gi opp jorda, så lenge ho finst! Den draumen som Salme 146 og så mange andre bibelske tekstar og menneskehjarte ber på, er eit ideal å strekkja seg etter, det er noko å leggja kreftene sine inn i, arbeida for, leva for. Den kristne kyrkja har gjennom heile si historie hatt jorda og alt som fyller henne, som si arbeidsmark.

Men korleis! Vi er gode på å gi, vert det sagt, men ofte drysser vi berre smular frå vårt rike bord. Sjølve urettferda som skaper naud og mangel så mange stader, er det vanskelegare å ta fatt på, både fordi det krev så mykje av oss, og fordi vi kjenner oss hjelpelause og små. Men der den eine kan greia lite åleine, kan vi saman utgjera ei kraft for å gagna alt som lever, og dei slekter som skal koma.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP