Mirakeltru

Kvifor skal vi vera sjuke? Kvifor skjer ikkje dei same under no som då Jesus gjekk på jorda?

Publisert Sist oppdatert

Evangelia er rike på vitnemål om læking frå smerte og funksjonshemming; jamvel døde fekk nytt liv. Dagens tekst fortel om den sjuke guten til embetsmannen, som vart frisk i same stund faren la fram ærendet sitt for Jesus.

Skulle ikkje teikn som dette følgja dei som trur, til alle tider? Er det noko gale med måten vi nærmar oss desse spørsmåla på, sidan det hender så sjeldan, jamvel om det skjer i dag også? Er ikkje trua vår sterk nok? Må vi be meir pågåande utan å tvila på at det vi ønskjer, skal bli ein realitet til ære for Gud og glede blant menneska?

Mi vesle erfaring er at det viktigaste for trua er ikkje å bli frisk. Det viktigaste for trua er å bli møtt. Jamvel i dei tyngste stundene av smerte og engsteleg liv, kan vi kjenna og vita at Jesus er der, at han veit korleis det er å ha det vondt og vanskeleg, og at han bryr seg om det. Trua er ikkje avhengig av miraklet, ho er avhengig av Jesus. Den viktigaste vona for trua er ikkje å bli frisk, men å bli frelst.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP