Iphone-app gjer skriftemålet mindre skummelt

Ny app er klar.

Iphone - nytt middel for å skrifte.
Publisert Sist oppdatert

Pave Benedikt XVI ville ha fleire unge involvert i kyrkja gjennom sosiale medium. No kjem ein Iphone-app som kan hjelpe katolikkar til å skifte. Utviklarane vart inspirert av paven, melder Catholic News Agency.

Patrick Leinen, som har vore med på å utvikle den nye appen, fortel om utviklinga i eit intervju med det katolske nyhendebyrået CNA.

Han sa at den er utvikla for å hjelpe katolikkar som vil skrifte og gå til kyrkje. Den gjev steg-for-steg rettleiing til skriftemål og personleg undersøking av samvetet før skiftemålet. Då blir skriftemålet mindre skummelt eller truande. Den er basert på alder, yrke og kjønn.

Powered by Labrador CMS