Grovare overfall mot danske jødar
Meir hat og meir audmjuking.
Det jødiske samfunnet i Oslo, her med bilete frå synagoga, har bede regjeringa om meir pengar til tryggleik. I Danmark vert overfalla mot jødar grovare og fleire.
Falch, Knut/Scanpix
Det jødiske samfunnet i Danmark får fleire meldingar frå jødar som seier at dei er utsette for overfall og audmjukingar, melder avisa Kristeligt Dagblad.
Ein ung jødisk mann vert omringa av ei gruppe framande i Fælledparken i København. Dei spør om han er jøde, men før han får svare, overfell dei han med slag og spark i hovudet.
Dette er eit døme på hatbrotsverk som jødar i Danmark er blitt utsette for. Ifølgje Det Mosaiske Trossamfund var 2010 det verste året i nyare tid for danske jødar kva gjeld hatbrotsverk.
Bestill abonnement her
KJØP