I stilla og tillit
Då eg var liten, var det bygdekino kvar fjortande dag. I jula var det Disney-filmar på fjernsynet; elles var det barne-tv kvar kveld klokka seks. Storebror til ein i klassa over meg hadde tv-spel; ingen drøymde om å ha telefonen i lomma.
No kan vi sende kvarandre tekstmeldingar kva tid vi vil. Vi kan sjå på DVD-ar eller spela dataspel døgnet rundt. Teiknefilmar går det på fjernsynet heile tida, og mobiltelefonen kan gjera alt det vi bed han om.
Då far min var liten, var rikstelefon ei alvorleg sak som nesten kravde blådress og slips; då bestefar min var liten, fanst ingen ting av det eg har nemnt.
Difor har vi i vår tid ei utfordring som aldri har vore større i kyrkjehistoria, og det er å halde tida heilag. Vi har sjansen til å drive på med noko heile tida, og difor er det i dag nødvendig for ein kristen å setja av heilag tid til å søkje Gud. Profeten Jesaja seier i bibelteksta for i dag:
Bestill abonnement her
KJØP