Tidenes største gåve?
Sannsynlegvis har Kirkens Bymisjon i Bergen fått tidenes største pengegåve.
- Gjevaren har tydeleg tillit til at Bymisjonen møter menneske med omsorg og respekt, seier dagleg leiar Leif Jarle Theis.
Marit Hommedal
Dagleg leiar Leif Jarle Theis gjorde store augo då han såg at det var kome inn ti millionar kroner på konto.
Det er litt uverkeleg å få ei slik gåve. Vi vert audmjuke og takknemlege, seier Theis, som er dagleg leiar i Kirkens Bymisjon i Bergen.
Dette er truleg den største einskildgåva ein kristen organisasjon nokon gong har fått frå ein privatperson i alle fall om ein ser vekk frå testamentariske gåver og eigedomar som er gjevne vekk.
Bestill abonnement her
KJØP