Carola spruta ned med vatn
Kjendisar som Carola vart spruta ned med vatn for eit humorprogram. No vert programmet lagt ned.
Carola var ein av kjendisane som vart spruta ned med vatn under opptak til eit humorprogram som no vert stogga.
Scanpix
Humorprogrammet «Ballar av stål» skapte bruduljer før det kom på lufta etter at folk som statsminister Fredrik Reinfeldt og Carola vart oversprøyta med vatn under opptak No har Sveriges Television bestemt seg for at programmet ikkje skal sendast.
– Det var ei feilsatsing heilt frå starten, seier programdirektør Annie Wegelis til Aftonbladet.
Kritikken starta då reporter Hanna Wilenius spruta vatn på Reinfeldt under innspelinga. Trass kritikken heldt SVT lenge fast på at programmet skulle sendast til hausten. Men no er det slutt.
Bestill abonnement her
KJØP