Nyheter

Wara vil jakte asyljuksarar

Auke jakta på dei som har fått opphald på feil grunnlag, vurdere strammare reglar for familiegjenforeining, hente fleire kvoteflyktningar.

Justisminister Tor Mikkel Waras (Frp) har tre budsjettprioriteringar på asyl- og innvandringsfeltet. Regjeringa understrekar at «for å bevare tilliten til asylinstituttet er det viktig at berre dei som treng det, får vern i Norge».

Konkret vil Wara i 2019:

Løyve vel fire millionar kroner til å styrkje arbeidet med å kalle tilbake opphaldsløyve som er gitt på feil grunnlag, samt å auke bruken av DNA-testing i familiesaker i UDI. Det blir totalt foreslått å løyve ti millionar kroner til å styrkje dette arbeidet.

Vurdere innstrammingar i regelverket for familiegjenforeining. Ei eventuell innstramming skal skræme folk frå å søkje asyl i Norge, melder Justisdepartementet: «Eit strengt regelverk for familiegjenforeining gir grunn til å tru at færre vil velje å søke asyl i Noreg, og at dei heller vil søke asyl i land som har eit meir liberalt regelverk på dette området.»

Talet på kvoteflyktningar skal opp frå årets nivå på 2.120 til 3.000. Men: «Ved eventuelt mottak av asylsøkarar for å fordele ansvar mellom EU-/Schengen-land skal dette takast innanfor talet på kvoteflyktningar».

LES OGSÅ: Foreslår rekordhøgt bistandsbudsjett

Sjølvros

I Venstre, som i fem budsjettrundar har vore med på å heise opp talet på kvoteflykningar, er ein glade for at regjeringa vil ta i mot 3.000 kvoteflyktningar neste år:

– Eg er både stolt av og veldig nøgd med at vi har greidd å auke talet kvoteflyktningar til Norge i statsbudsjettet for 2019 i ei tid der ropa om innstrammingar har vore høge frå mange fløyer i politikken, seier stortingsrepresentant Guri Melby (V).

LES OGSÅ: Kyrkja får 46 millionar mindre

Skilnad

Ho meiner kvoteflyktningar kanskje er den einskildsaka som viser skilnaden på Venstre innafor og utanfor regjering.

– I fjor fekk vi forhandla opp talet frå om lag 1.000 til 2.000, men no legg vi altså fram eit budsjett med 3.000 kvoteflyktningar. Dette er også eit godt svar til alle dei som var skeptiske til å gå i regjering med Frp, særleg med blikk på innvandringspolitikken.

Kvote

SVs leiar i Stortingets kommunalkomité, Karin Andersen, er ikkje imponert:

– No er det viktig at nokre land høyrer på FN – og FN har bede Norge ta 5.000 kvoteflyktningar. Difor burde vi ta i mot 5.000 kvoteflyktningar neste år, seier Andersen.

Andersen meiner det er heilt feil å justere opp pengebruken for å ta dei som har opphaldsløyve som er «gitt på feil grunnlag».

– Det er feil å bruke store ressursar på å jakte dei som har gjort ein feil for fleire år sidan.

SV-toppen vil heller bruke midla å ta kriminelle og sende desse ut av landet.

LES OGSÅ: Slik kjempar dei om KrF

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter