Nyheter

Vil gje utlendingar ID-kort

I år skal nordmenn få nasjonalt ID-kort. Skatteetaten ønskjer også å gje kort til utlendingar med lovleg opphald i landet. Slik kan ein hindre at identitetar blir brukt av kriminelle.

I år skal alle norske statsborgarar få nasjonalt ID-kort med elektronisk ID, lovar Justisdepartementet. Arbeidet med kortet starta heilt tilbake i 2007, og skulle vore avslutta i 2016. Sidan er sluttføringa av nasjonalt ID-kort, som til dømes kan brukast som reisedokumentasjon i utlandet, blitt utsett fem gonger.

No ønskjer skattedirektør Hans Christian Holte at retten til å få ID-kort skal bli utvida til å omfatte fleire enn norske borgarar.

– Som skattedirektør er eg mellom anna ansvarleg for at samfunnet får inn rett skatt frå rett person, og for at informasjonen i Folkeregisteret er korrekt og av høg kvalitet. God oppnåing av desse samfunnsoppdraga avheng av at også utanlandske statsborgarar med rettar og plikter i landet kan identifisere seg med eit sterk ID-prov. Difor ser me frå skattestyremaktene si side fleire problem ved at menneske med lovleg opphald ikkje har slik ID, seier Holte til Vårt Land, og legg til:

– Utlendingar med lovleg opphald i Norge bør difor få nasjonalt ID-kort.

Høyring

Då Justisdepartementet i fjor gjennomførte ei høyring om ny forskrift om pass og nasjonalt ID-kort, nytta Skatteetaten høve til å ta opp ei sak som dei har arbeidd mykje med, men som departementet ikkje ba om svar på:

ID-kort til alle som har lovleg opphald i Norge.

«Vi vil for vår del anta at samfunnets behov for et videre formål med nasjonalt ID-kort er utsatt. I denne sammenheng vises det til betraktninger om at nasjonale ID-kort til utlendinger som høringen viser til vil komme på et senere tidspunkt», skriv Skatteetaten i høyringssvaret.

Alarm

Bak Skatteetatens forslag om å utvide utskrivinga av ID-kort, ligg særleg ønskje om å kome kriminell aktivitet til livs.

I 2016 slo etaten alarm og sa at det eksisterte over ein million utanlandske identitetar som styremaktene ikkje hadde kontroll over. Utlendingar skaffar i fleire tilfelle falsk identitet for å utnytte velferdsgoder, fortalde skattedirektøren til NRK.

Fire år seinare vil Skatteetaten nytte innføringa av nasjonale ID-kort til å få vite kven utlendingane som oppheld seg i Norge er.

Milliard

Kartleggingar frå FN og Verdsbanken viser at over ein milliard menneske i verda ikkje har høve til å dokumentere eigen identitet. Forklaringa er at mange land manglar folkeregister som registrerer barn som blir født. Dermed kan korkje barn eller vaksne skaffe god nok dokumentasjon på opphavleg identitet.

Skattedirektør Holte fortel Vårt Land at Skatteetaten meiner utlendingar med lovleg opphald bør få nasjonalt ID-kort for å kome ei rekkje problem til livs: Bruk av falske, fiktive identitetar, gjenbruk av identitetar og arbeidslivskriminalitet.

– Utan sterke ID-prov er det vanskelig å få tilgang til grunnleggjande behov, som til dømes bankkonto eller førarkort. Det hjelper ikkje at personen har arbeidsløyve eller har bestått førarprøva. Manglande ID-dokument stengjer desse menneska ute frå ei normal deltaking i samfunnet. Det er også vanskeleg i eit digitalt samfunn å oppfylle plikter og rettar utan Bank-ID, forklarar Holte.

Konsekvensar

Skattedirektøren seier at konsekvensen av ikkje å gje utlendingar med lovleg opphald nasjonalt ID-kort, er mange og alvorlege: Dei skaffar seg falske papir, arbeider med ein annan identitet eller arbeider svart.

Mangelen på god ID gjer at folk i sårbare situasjonar kan bli dytta over i hendene på useriøse arbeidslivsaktørar og vere med på å oppretthalde den svarte arbeidsmarknaden, meiner Holte.

Svar

Justisdepartementet hadde i går ikkje høve til å svare på spørsmål om ID-kort til utlendingar med lovleg opphald.

---

Identifikasjon

  • Fødselsnummer er eit ID-nummer for dei som har opphaldsløyve og skal bu i Norge i meir enn seks månader. Du treng nummeret når du skal kontakte norske styremakter, opne ein bankkonto, få fastlege, leige bustad, betale skatt og røyste ved val. Fødselsnummeret er 11 siffer, der dei fem siste blir kalla «personnummer».
  • D-nummer er eit mellombels ID-nummer for dei som har søkt om vern (asyl) i Norge, eller har opphaldsløyve og skal vere her i mindre enn seks månader. Både Skatteetaten og politiet gjev ut D-nummer.
  • DUF-nummer får dei som søkjer vern (asyl) eller opphaldsløyve i Norge, og er registreringsnummeret ditt i UDIs datasystem. Dei som får opphaldsløyve vil få eit D-nummer eller eit fødselsnummer.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter