Nyheter

Unge får bøter av foreldre for dårlege karakterar

Foreldre brukar lønn og straff for å få barn til å prestere på skulen. Difor må barn betale foreldre pengar for dårlege karakterar.

Funna kjem for dagen i ein studie utført av NOVA-forskar Ingunn Marie Eriksen. Ho har sett nærare på korleis klasse heng saman med psykisk helse når det kjem til skulestress og foreldrepress.

– Det er utruleg synd å høyre at unge blir straffa for at prestasjonane ikkje er gode nok. Slik skal det ikkje vere, seier Kristin Schultz, leiar i Elevorganisasjonen, til Vårt Land. Ho er fremste tillitsvalt for elevar og lærlingar.

Barn skal opp og fram. Foreldre er villige til å gå langt for at barna skal lukkast i livet. Men barn får psykiske helseplager fordi prestasjonspresset på skulen er hardt og frykta for å feile er sterk. Mange lever med presset om konstant å vere best.

Rapporterer om psykiske plager

Dei årlege Ungdata-kartleggingane har avdekt at psykiske helseproblem blant unge aukar. Ungdata 2019 rapporterer fleire negative funn:

«Andelen som rapporterer om psykiske plager i ungdomsårene, er høy. Mest utbredt er typiske stressymptomer.»

«Fra 10. trinn og fram til slutten av videregående, har i overkant av hver fjerde jente mange psykiske plager.»

Samstundes viser ein studie frå Velferdsforskningsinstituttet NOVA at det er ein sterk samanheng mellom psykiske helseplager mellom unge og stress på skulen.

OSLO 20161020
Elever på videregående skole. Tenåringer.
Lærer og elever i klasserom. Undervisning i kjemi. 
Foto: Thomas Brun / NTB scanpix
NB! MODELLKLARERT

Unge frå to samfunnsklasser

Med denne kunnskapen i botnen har NOVA-forskar Eriksen gjennomført kvalitative intervju med 53 unge i alderen 15 til 17 år som høyrer heime i to grupper, den økonomiske og den kulturelle middelklassa (sjå faktaboks). Ungdommane er spurt om:

• Eigne og foreldres verdiar.

• Praksis rundt skulearbeid.

• Verdien av utdanning, karriere og ambisjonar.

• Eigen mentale helse og stress.

Eriksen forklarar utvalet av intervjua unge med at det er mellom unge i middelklassa auken i psykiske helseplager er størst. Ho opplyser til Oslomet.no at ho ønskte å finne ut av korleis klasse heng saman med skulestress og foreldrepress på vidaregåande skule:

– Frå før veit me at foreldre kan ha stor påverknad på haldningane barn har til utdanning og arbeidsmoral.

Schultz i Elevorganisasjonen kjenner til at elevar kan slite med høge krav og ikkje får gjere eigne val når det kjem til utdanning.

– Det er generelt mange haldningar i samfunnet om at yrkesfag er dårlegare enn studiespesialisering. Men unge må få velje sjølve kva dei vil bli.

Foreldre har ulik framferd

Eriksens funn viser at presset artar seg ulikt i den økonomiske og den kulturelle middelklassa.

Ho forklarar: I den økonomiske middelklassen seier ungdommane at skulestress og psykiske helseplager i sterk grad kjem av foreldrepress. I den kulturelle middelklassen peikar ungdommane på seg sjølve og eigne, høge krav.

Studien viser at foreldre ter seg svært ulikt, avhengig av kva klasse dei tilhøyrer.

Foreldra i den økonomiske middelklassa nyttar både lønn og straff for å få ungdommane til å prestere. Gode skuleresultat blir premierte, og dårlege blir straffa. Ungdommar fortel at foreldre straffar dei om prestasjonane blir for dårlege, til dømes karakterar. Straffa kan vere inndraging av mobil eller at dei må betale foreldra pengar for dårlege karakterar.

Gjer alt dei kan for barna

I den kulturelle middelklassa kjem ikkje foreldre med eksplisitte krav. Her handlar det om mykje hjelp, støtte og oppmuntring for at dei unge skal nå måla som er sette.

Ei av dei intervjua forklarar: «De gjør alt for meg, de rydder på rommet mitt, de kjøper maten jeg har lyst på, de rer opp sengen min. De gjør alt for meg, slik at jeg kan få det jeg trenger.»

Uttalte mål handlar ofte om god utdanning, gode resultat og ein god jobb.

Foreldre har særleg ei rolle

Som gruppe gjev dei unge eintydige svar: Dei knyter psykiske helseplager til det sterke prestasjonspresset på skulen og frykta for å feile. Nova-forskar Eriksen seier til Oslomet.no at foreldre må vere medvitne om kva rolle dei har:

– Foreldre har ei ekstremt viktig rolle i å dempe prestasjonspresset mange ungdommar lever under i dag.

For å få bukt med psykiske plager i ungdomsåra, etterspør Schultz i Elevorganisasjonen særleg ei betre skulehelseteneste. Kommunane må få fleire helsesjukepleiarar.

– Alt for mange stader er det ein helsesjukepleiar som berre har ope to dagar i veka frå klokka 14 til 16, noko som slett ikkje dekkjer behova.

---

Ungt press

  • I studien Class, parenting and academic stress in Norway: middle-class youth on parental pressure and mental health har forskar Ingunn Marie Eriksen ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA på OsloMet intervjua 53 unge i alderen 15 til 17 år som høyrer heime i to grupper, den økonomiske og den kulturelle middelklassen
  • Den økonomiske middelklassa har høg økonomisk kapital, men ikkje så høg utdanning og kulturell kapital.
  • Den kulturelle middelklassa har høg kulturell kapital, men ikkje like mykje økonomisk kapital.
  • Studien er publisert i Discourse: Studies in the Cultural Politics of Education.
  • Kjelde: oslomet.no

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter