Nyheter

UNE ser konverteringa som strategisk

UNE sår tvil om mannen kunne ha gjennomgått ei reell konvertering med manglande språkkunnskapar.

Måndag var første dag i Borgarting lagmannsrett for den afghanske familien som har søkt om opphald i Noreg. Dei anker saka deira mot staten for å få omgjort Utlendingsnemnda sitt avslagsvedtak.

Familien blei i februar i 2018 henta av politiet frå eit kyrkjelydshus i Fitjar i Hordaland, og forsøkt tvangsreturnert. Månaden etter gjekk familien i kyrkjeasyl i Hønefoss kyrkje. Sommaren 2019 bestemde UNE å vurdere saka opp på ny, men avslo også her.

Asylhistoria

Eit sentralt punkt i rettssaka er knytt til UNEs vurdering av truverdet i asylhistoria – om det stemmer at familien flykta frå Afghanistan i redsel for forfølging.

Ekteparet påstår at dei har inngått i eit kjærleiksforhold på trass av ønska til kvinna si familie­. Dei skal ha flykta frå Kabul til ein annan afghansk landsby i redsel for at kvinna skulle hamne i eit uønska tvangsekteskap. Her skal dei ha budd i fleire år, kor kvinna skal ha vore isolert.

Utlendingsnemnda (UNE) peiker på fleire motsetningar i asylhistoria til ekteparet, og at historia­ har endra seg undervegs. Advokat for den afghanske ­familien meiner UNE retter merksemda mot perifere detaljar­.

– Det er vår vurdering at UNE har vist særs lite velvilje mot ekte­paret, og at UNE har forsøkt å fått paret til å trekke saka, sa advokaten for den afghanske ­familien, Terje Einarsen i innleiinga hans.

Tviler på konvertering

Det andre vesentlege punktet handlar om truverdet i konverteringa.

– UNE meiner konverteringa må sest i lys av saksgangen, at ekteparet ved fleire høve har sette­ fram nye krav til asylgrunnlag ettersom dei har fått avslag. Det er UNEs vurdering at konverteringa er eit forhold som er sette fram av strategiske årsaker for å få opphald i Noreg­, fortalde forsvarar for staten, Steffen Asmundsson.

Forsvararen brukte tid på å ta opp forholda rundt konverteringa­ til mannen. Omvendinga skal ha skjedd på eit tidspunkt kor mannen ikkje hadde, det UNE meiner er, tilstrekkelege språkkunnskapar til å gjennomgå ei reell konvertering. Mannen skal ha konvertert og latt seg frelse med kroppsspråk.

UNE er klar over at omvendinga skjedde i karismatisk saman­heng i ei pinseforsamling. Det påverkar likevel ikkje vissa deira om at konverteringa er strategisk­.

LES OGSÅ: Teologer føler seg tilsidesatt som sakkyndige

Vitneutsegn

Andre forhold rundt konverteringa blei også lagde fram. Advokat for familien retta merksemd mot dei mange vitna som stadfesta trua til ekte­paret.

– Dei mange vitneutsegnene frå kjenningar i kyrkjesamanheng og frå sakkyndige teologar styrkar truverdet i konverteringa. Vi ser det slik at mannen heile tida har formulert seg konsistent om si eiga konvertering til kristendommen og at dette styrkar hans forklaring, sa advokat Terje ­Einarsen.

Advokaten kritiserte saks­gangen til UNE knytt til kvinna si konvertering. Sjølv om dette var kjent, meiner advokaten at UNE har underslått dette. Trusskiftet til kvinna var utslagsgivande for at UNE sommaren 2019 tok saka opp på ny.

UNE ser det som svekkande at kvinna ikkje hugsar det nøyaktige tidspunktet når mannen konverterte til kristendom, gitt at fråfall frå islam i afghansk kultur blir sett på som såpass alvorleg.

– Det er UNEs vurdering at dei mange vitna som underbygger truverdet i konverteringa manglar innsikt i underliggande forhold, sa forsvarar for staten i retten.

Fråfallsproblematikk

Forsvarar for UNE vedkjenner at det kunne skape problem for partane i heimlandet om trusskiftet deira blei kjent, uavhengig om det er reelt eller ei. Det blir vektlagt at barna, som har levd store deler i kyrkjesamanheng, kunne «røpe» at familien har deltatt i kristne samanhengar overfor det afghanske samfunnet.

Utlendingsnemnda meiner likevel at dei har kjennskap til andre konvertittar som har fått avslag, blitt returnert og omvendt seg att til islamsk tru, utan nemne­verdige problem.

Rettssaka vil gå føre seg heile denne veka.

LES OGSÅ:

Konvertitten Hamed ble ikke trodd i Norge, men det ble han i Tyskland

Unge gutar flyktar frå ungt land

Pastor anmeldte politiet for maktmisbruk mot kirkeasylanter

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter