Nyheter

Trump triumferer blant kristne

Kvite, konservative kristne flokkar seg rundt Donald Trump. Dei seier han er ein storvegs president, for han held lovnadar, som å flytte USAs ambassade til Jerusalem.

Meiningsmålinga til Public Religion Research Institute (PRRI) er tydeleg tale: Heile tre av fire evangelikale kristne i USA omfamnar Donald Trump.

Til samanlikning støttar berre 42 prosent av alle amerikanarar opp om dagens president, viser siste PRRI-måling.

Oppslutning

Ikkje nokon gong tidlegare har instituttet meldt om så sterk oppslutning om presidenten, som mange, både i inn- og utland, har sterke meiningar om. Som republikansk presidentkandidat passerte han 50 prosent våren 2016, og hausten same år kraup han over 60. Etter innsetjinga som USAs 45. president nådde han 68 prosent.

PRRIs målingar viser at Trump aldri har vore under 65 prosent sidan januar 2017. Brote ned på kjønn, seier sju av ti konservative kristne kvinner at Donald Trump er framifrå, medan endå fleire konservative menn viser endå sterkare støtte; åtte av ti.

LES MEIR Trump tøff mot innvandring

Profeti

Måndag innvia USA ambassaden dei har opna i Jerusalem. Fram til no har USA hatt ambassaden i Tel Aviv, til liks med alle andre land. Men i valkampen i 2016 lova Trump å flytte ambassaden til Israels hovudstad. Måndag innfridde han lovnaden.

Under opninga talte to amerikanske pastorar som Trump-administrasjonen hadde valt ut, Robert Jeffress og John Hagee, begge frå Texas, og heimehøyrande i svært konservative forsamlingar.

Valet av Jeffress og Hagee kan lesast som eit teikn på at det er viktig for Donald Trump å kome konservative kristne i USA i møte. Fleire i den gruppa PRRI måler jamleg meiner at Trumps godkjenning av Jerusalem som Israels hovudstad er i samsvar med bibelske profetiar.

Frelst

I talen under ambassadeopninga sa pastor Jeffress blant anna at Gud har «gjeve oss ein president» som «står på ... den rette sida, å Gud, når det gjeld Israel».

Jeffress er pastor i ei baptistkyrkje i Dallas og ein av Trumps andelege vegleiarar. Han er kjent for å fornærme andre religionar. Jeffress har sagt at jødar ikkje kan bli frelst og at dei difor vil ende opp i helvete, og at islam er ein religion som fremmar pedofili.

Hysjpengar

Samstundes som Donald Trump har sett til at ambassadeflyttinga gjekk etter planen, har nye opplysningar om kontakten med pornoskodespelaren Stormy Daniels blitt kjent i USA. Trump har vedgått at han betalte tilbake 130.000 dollar som hans advokat Michael Cohen hadde betalt i «hysjpenger» til Daniels. Ho hevdar at ho fekk betalt for å teie om eit seksuelt forhold til Trump.

Presidenten betalte tilbake dei 130.000 dollarane som Cohen gav til Daniels for å teie om forholdet.

Draumepresident

Jerry Falwell jr. er styreleiar på konservative, kristne Liberty University. Han forklarar Trumps sterke posisjon blant kristenkonservative slik:

– Gud kalla kong David, ein mann etter Guds eige hjarte, sjølv om han var ein overgreipar og mordar. Eg trur dei evangelikale har funne sin draumepresident.

Tidlegare guvernør i Arkansas og republikansk presidentkandidat ei kort tid i 2016, Mike Huckabee, har ei anna forklaring:

– Vi krev ikkje urimelege standardar av perfeksjon fordi vi innser at det berre var ein perfekt person blant oss, og det var for 2.000 år sidan, skriv han i eit nyhendebrev.

LES MEIR Kamp for kristen jul

Støtte

Pastor Jeffress har tidlegare i vår understreka kor sterk støtte Trump har blant evangelikale kristne i USA:

– Evangelikale trur framleis på bodet: Du skal ikkje ha sex med ei pornostjerne. Men om denne presidenten braut dette bodet eller ikkje, er det heilt irrelevant for vår støtte til han.

– Evangelikale var klar over at dei ikkje røysta på ein altargut. Vi støtta han på grunn av hans politikk og hans sterke leiarskap.

Kjelder: Public Religion Research Institute, Dallas News, Fox News, The Slate, The Guardian, mikehuckabee.com

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter