- I lys av det skjedde måndag har eg sett fram krav om at ho må bli sleppt ut frå Trandum, fortel advokatfullmektig André Møkkelgjerd til Vårt Land måndag kveld. Han overtok saka til Worku på måndag.
Hjå Politiets utlendingseining (PU) får Vårt Land opplyst at dei først kan svare på tysdag.
Trudde ho var omfatta
Medan regjeringa utforma regelverket for eingongsløysinga for lengebuande, ureturnerbare asylsøkjarar, førebudde Politiets utlendingseining tvangsretur av ei etiopisk kvinne som har opphalde seg i Norge sidan ho søkte asyl i 2002.
63 år gamle Sara Kebede Worku har endeleg avslag på asylsøknaden, men har kome i gruppa ureturnerbare asylsøkjarar fordi ho manglar sikker ID, dermed har heimlandet Etiopia nekta å ta i mot henne.
«Ho er i sjokk»
Sist torsdag blei ho pågripen i Oslo av PU då ho var ute saman med ei venninne. PU førte henne til Politiets utlendingsinternat på Trandum, som like ved flyplassen på Gardermoen.
Den fengselsliknande institusjonen er siste stopp for dei som blir tvangsutsende frå Norge.
– Ho er i sjokk. Ho er redd, fortalde Solveig Syversen til Vårt Land på måndag, mange timar før Justisdepartementet melder at saka til Worku og alle andre som kan vere omfatta av regjeringas eingongsløysing, desemberamnestiet, er sette på vent.
Departementet instruerte måndag ettermiddag utlendingsstyresmaktene om å utsetje tvangsreturar i dei aktuelle sakene.
Alder pluss opphaldslengde
I desember, ein månad før Framstegspartiet marsjerte ut av Solberg-regjeringa, var Frp og KrF openlyst svært usamde om kven som skulle bli omfatta av amnestiløysinga, som blei forhandla fram på Granavolden i januar i fjor; Frp ville ha eit strengt regelverk som skulle sikre få opphald, KrF det stikk motsette.
19. desember sende Justisdepartementet ut ei pressemelding der hovudreglane blei presenterte:
«Regjeringen er blitt enig om et forslag som innebærer at ureturnerbare asylsøkere, som har samlet alder og oppholdstid i Norge på minst 65 år kan få opphold i Norge. Oppholdstiden må være minst 16 år. Det legges opp til en søknadsordning.»
Worku som er 63 år og har opphalde seg i Norge sidan ho søkte asyl i 2002, opplevde seg omfatta av amnestiet:
63 år pluss 18 år blir 81, altså 16 år meir enn hovudkravet.
Svara kom i løpet av måndagen
I desember melde Justisdepartementet at forskrifta som regulerer eingongsløysinga skal ut på høyring «så raskt det lar seg gjøre».
Måndag morgon kontakta Vårt Land Justisdepartementet med to spørsmål: når kjem forskrifta - og vil sakene til dei som kan vere omfatta av eingongsløysinga bli sett på vent? Forskriftsforslaga kom måndag kveld. Samstundes varsla justisministeren og barne- og familieministeren at ingen av dei som kan vere omfatta av eingongsløysinga skal bli tvangsutsendt frå Norge.
Tre forklaringar
Når Vårt Land snakka med styreleiar i hjelpeorganisasjonen Mennesker i Limbo, Tor B. Jørgensen, midt på dagen måndag, er han provosert over at politiet henta inn Sara Kebede Worku i det amnestiregelverket skal kome på plass. Til Vårt Land kjem han med tre tesar når han prøver å forklare pågripinga:
Politiet veit at etiopiarar ikkje vil bli inkludert i ordninga.
Politiet er uvitande om amnestiet.
Dei kjenner ordninga men ønskjer å få sendt heim flest mogleg av potensielle søkjarar.
PU kan pågripe dei oppheld seg ulovleg
Vårt Land kontakta måndag PU med spørsmål om kvifor Worku blei pågripen sist veke, for å bli tvangsutsendt til Etiopia.
Håvard Bekk, leiar for seksjon for ID-avklaring i PU, svarar skriftleg at PU ikkje kan kommentere einskildsaker. Men han skriv i eposten:
«Politiets utlendingsenhet (PU) har et mandat til å finne ut av hvilke personer som oppholder seg i Norge. På generelt grunnlag kan PU pågripe og internere personer som oppholder seg ulovlig i Norge for å gjennomføre ID-undersøkelser. Om personens identitet blir verifisert må PU ta stilling til om vilkårene for tvangsretur er tilstede for videre vurdering og eventuell gjennomføring av retur.
Måndag kveld er styreleiar Jørgensen i Mennesker i Limbo glad for at Justisdepartementet har varsla «frys» av sakene til lengeverande, ureturnerbare asylsøkjarar.
- No kan Sara og dei andre endeleg få søkt om opphald.
Etiopiarar til Norge og Trandum
Då Worku blei framstilt for tingretten fredag – som avgjorde at ho kunne haldast på Trandum i inntil fire veker – kom det fram at representantar frå Etiopias ambassade i Sverige kjem til Norge for å møte etiopiarar som sit på Trandum for å avklare ID, med tanke på tvangsretur.
På spørsmål til PU om kvifor representantar frå etiopiske styresmakter får møte etiopiarar som ventar på tvangsretur, svarar Håvard Bekk dette i ein epost:
«Etiopiske myndigheter har myndighet til å verifisere egne borgere. For Politiets utlendingsenhet (PU) er det viktig å avklare identiteten til personer som oppholder seg ulovlig i Norge. Om personens identitet blir verifisert må PU ta stilling til om vilkårene for tvangsretur er tilstede for videre vurdering og eventuell gjennomføring av retur.»
---
Fakta:
---