Terrorjakt i lutfattig ørkenland
Medan Norge skal trappe opp den sivile bistanden på bakken i lutfattige Niger, byggjer USA nye flybasar i landet for å intensivere jakta på terroristar.
Ei amerikansk drone svevar over Sør-Afghanistan. Slike har USA sendt ut frå basen i Nigers hovudstad Niamey for å bombae al-Qaida og IS i Libya.
Kirsty Wigglesworth
Under president Donald Trump ekspanderer dronekrigen. USA, Norges NATO-allierte, byggjer no ein flybase nummer to i Niger for å få fleire droner på vengene over Sahel, og særleg grenseområdet mot Libya, som løyner islamistiske terroristar.
Frå før har USA bygd ein dronebase i Agadez, ørkenbyen midt i Niger. Men medan det er USAs luftforsvar som driv Agadez-basen, er det etterretningsorganisasjonen CIA som byggjer flybasen i Dirkou, ørkenbyen nordaust i Niger, fortel New York Times.
Avisa skriv at førebels er ikkje dronene i Dirkou væpna, dei har berre floge overvakingsoppdrag. Men snart kan dronene sveve over Sahara, klare til skarpe oppdrag, fortel kjelder til den amerikanske avisa.