I september varsla Kunnskapsdepartementet at stiftinga Født fri vil miste statsstøtta i 2021. Bakgrunnen var ein granskingsrapport som seier at stiftinga ikkje har brukt tildelte midlar i tråd med formålet, at han ikkje har god økonomistyring og at han kan ha brukt midlar til private formål.

Venstre-leiar og kunnskapsminister Guri Melbys 2021-budsjett viser at ho har trekt inn seks millionar kroner frå Født fri, som varsla. Pengane blir omdisponere.

 

Millionar til norskopplæring

Organisasjonen Bydelsmødre får ein million øyremerka kroner frå posten «tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet» - det var denne posten Født fri fekk støtta frå.

Posten «tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar» blir tilført fem millionar kroner. Løyvinga skal særleg styrkje norskopplæring.

I tillegg til ein million til kroner til Bydelsmødre aukar departementet støtta til organisasjonane MIRA og NOAS, 500.000 kroner til kvar.

Totalt går tilskotsordninga «integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar» opp til 96,2 millionar kroner neste år. Det er her fem millionar kroner blir øyremerka frivillig norsktrening. I tillegg ønskjer kunnskapsminister Melby å bruke 20 millionar kroner til utprøving av ei klyppekortordning for ekstra norskopplæring.

Kuttar ut organisasjon

Statsbudsjettet viser også at Innvandrernes landsorganisasjon (INLO) mistar den øyremerka statsstøtta på 600.000 kroner neste år. INLO seier om seg sjølv at han «har som formål å arbeide for likestilling mellom innvandrere og nordmenn, og blant innvandrergrupper, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, seksuell legning eller politisk overbevisning».

Løyser lokale problem

Bydelsmødre er ein organisasjon med frivillige kvinner, der storparten har minoritetsbakgrunn. Kvinnene går gjennom eit opplæringsprogram om tema som foreldreskap, arbeid og helse.

Saman med det offentlege arbeider frivillige bydelsmødrer med å løyse lokale utfordringar. Bydelsmødre Norge har i dag 130 frivillige kvinner. Dei kjem frå 35 land.

I tildelinga til Bydelsmødre påpeikar Kunnskapsdepartementet at «utbetaling av tilskot føreset at organisasjonane følger kriterium for tildeling av midlar i retningslinjene for tilskotsordninga i gjeldande budsjettår».

HRS får 1,8 millionar

Den islamkritiske organisasjonen Human Rights Service (HRS) får vidareført statsstøtta på 1,8 millionar kroner.

Lenge fekk HRS støtte frå same post som Bydelsmødre no får frå, men etter i strid i regjeringa enda HRS opp i Justisdepartementet.

Justisminister Monica Mæland (H) seier til NTB at HRS får støtte også i 2021 som følgje av ein budsjettavtale i Stortinget.

 

LES MEIR OM BYDELSMØDRE:

Har smittepratet med 350 familier

Bydelsfedre: – Far er viktig for at barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår