Nyheter

Snudde ryggen til rasistar

Norge har boikotta éin nasjon. I 1986 vedtok Stortinget å innføre økonomisk boikott av Sør-Afrika.

Dei folkevalde meinte Norge skulle vere med å presse det kvite raseskiljeregimet til å avvikle apartheidpolitikken. Åtte år seinare vedtok så Stortinget å oppheve siste rest av forbodet, det mot sal av olje og petroleumsprodukt.

I 1997 gjekk statsminister Kjell Magne Bondevik ut og ba norsk næringsliv om ikkje å handle med Burma, som blei styrt av eit brutalt militærregimet, og som held opposisjonsleiar Aung San Suu Kyi i husarrest. Sjølv oppmoda ho verdsamfunnet til å boikotte heimlandet.

LES OGSÅ: Pressar på for Israel-boikott

Oppmoda

Så langt gjekk ikkje Bondevik-regjeringa - og handelen mellom Norge og Burma vaks i åra som kom. I 2001 rykte Bondevik ut på nytt og ba norsk næringsliv om ikkje å halde liv i nasjonaløkonomien til militærjuntaen.

– Eg beklagar at norske verksemder har samhandel med Burma så lenge militærregimet styrer, og menneskerettane blir krenka i landet, sa Bondevik til NTB.

Han oppmoda til kutt i alt handelssamkvem.

Angra

I 2006 tok SVs leder, Kristin Halvorsen, til orde for økonomisk boikott av Israel. Og snudde og beklaga etter kort tid.

– Som statsråd og finansminister burde ikkje eg ha teke til orde for ein politikk andsynes Israel som ikkje er i tråd med norsk offisiell utanrikspolitikk. Det har gjort det uklårt og usikkert kva som er norsk politikk på dette området, sa finansminister - SV-leiar – Halvorsen til NTB, og lova å la utanriksministeren svare for Norges Israels-politikk.

Året før forlanga SV-leiinga ny frukt då dei oppdaga at appelsinane landsmøtehotellet hadde sett fram hadde eit lite klistremerke som tydeleg fortalde kva land frukta kom frå; Jaffa, Israel.

SV, som lenge hadde kravd forbrukarboikott av Israel, fekk nye appelsinar.

LES MEIR: Bitter strid om asylsøkere i Israel

Utvist

I fjor vedtok Israels nasjonalforsamling ei lov som svar på den internasjonale boikottkampanjen BDS. Loven forbyr innreise for folk som støttar ein boikott av Israel eller busetjingane på Vestbreidda. I februar blei ein norsk fagforeiningsleiar, frå LO, kasta ut av Israel.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter