Nyheter

Pressar på for Israel-boikott

LO-forbund er utolmodige. LO vedtok full Israel-boikott for snart eit år sidan, men fagrørsla har venta med tiltak.

– Vi ser gjerne at LO fremmar konkrete tiltak som kan fylle boikotten med innhald, seier Fagforbundets solidaritetsansvarlege, Stein Guldbrandsen, til Vårt Land.

Om ein månad rundar staten Israel 70 år. 14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion, landets første statsminister, Israel for ein jødisk uavhengig og sjølvstendig stat.

Påminning

Fleire fagforbund i LO meiner det er absolutt ingen grunn til å markere denne statsdanninga. Med fornya styrke minner dei LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen om at det no er snart eit år sidan den mektige LO-kongressen vedtok ein svært brei boikott av Israel.

LES MEIR: Bitter strid om asylsøkere i Israel

Effekt

Konkret dunka fleirtalet gjennom denne fråsegna i mai i fjor: «Siden dialog og resolusjoner har hatt liten effekt, må det heretter arbeides for en internasjonal økonomisk, kulturell og akademisk boikott av Israel.»

LOs nyvalte leiar, Hans-Christian Gabrielsen, var open på at han ikkje ønskte å gå så langt.

LES MEIR: Norge snudde ryggen til rasistar

Åtvara

Han åtvara mot ein generell boikott, men blei overkjørt. Med 193 mot 117 røyster slutta LO-kongressen opp om dissensen frå eit mindretal i redaksjonskomiteen. Før nederlaget viste Gabrielsen blant anna til at ein generell boikott vil ramme palestinske arbeidarar og palestinsk fagrørsle.

Innad i LO skapte boikottvedtaket uro. Over 120 medlemmer meldte seg ut. Utad fekk LO mykje kjeft, og vedtaket blei møtt med brei politisk avvising. Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre lova at dersom han blei regjeringssjef, ville ikkje LOs boikott bli norsk politikk andsynes Israel.

Tiltak

No trommar store delar av LO fingrane utolmodig i bordet og krev at LO-bossen og den sentrale leiinga handlar. LO i Oslo og leiinga i Fagforbundet – landets største fagorganisasjon, EL og IT Forbundet og Transportarbeiderforbundet, som samla har 420.000 medlemmer, etterlyser konkrete tiltak, melder Frifagbevegelse.no.

Okkupasjon

– Kva tiltak er det snakk om, Stein Guldbrandsen?

– Vi fremmar tre konkrete tiltak som vi meiner LO sentralt må ta tak i no, opplyser Fagforbundets solidaritetsansvarlege til Vårt Land.

Dette er tiltaka:

• LO må fronte kravet om at norsk næringsliv ikkje skal profittere på okkupasjon, norske selskap skal ikkje tene pengar på den okkupere Vestbreidda, seier Guldbrandsen og dreg fram to døme: – I dag åtvarar norske styresmakter mot å investere i og handle med Vest-Sahara (okkupert av Marokko, red.anm.), og tidlegare har ein åtvara mot å investere i og handle med militærregimet i Burma.

• LO må krevje at Oljefondet må trekkje seg ut av selskap som tener pengar på den okkupere Vestbreidda,

• LO sentralt må følgje opp boikottvedtaket internasjonalt, i samanslutningar av fagrørsler.

LES MEIR:

Investeringar

Vaktbikkja Danwatch avdekte i fjor at norske Oljefondet er tungt inne på Vestbreidda. Fondet hadde investert 5,2 milliardar euro i 35 av de 36 selskap som var aktive i israelske busetjingar, mellom anna fem israelske banker som finansierer ny- og utbyggingar.

I fjor melde også eit stort dansk pensjonsfond at det svartelistar fire selskap som gjer gode pengar på israelske busetjingar. Det norske Oljefondet er medeigar i alle fire.

Sju LO-forbund har fatta eigne boikottvedtak mot Israel. Dette er Fagforbundet, Fellesforbundet, Tjenestemannslaget, El og It Forbundet, Fellesorganisasjonen, Transportarbeiderforbundet og Musikernes fellesforbund.

Vente

LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen melder, via informasjonsavdelinga, at han er oppteken med meklinga i tariffoppgjeret, og først kan svare når denne er avklara.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter