Nyheter

Skulekvardagen på Vestbreidda: Tåregass, arrestasjonar og målretta trakassering

Ein av dei farligaste stadane i verda for barn å gå på skule, ifølgje ein ny rapport frå Redd barna.

– Eg ser ikkje korleis noko kan bli betre. Uansett kvar eg går, så vil eg bli ransaka. På veg til skulen spør soldatane meg: Kvar bur du, kvar skal du? Eg blir veldig redd for at dei skal ta meg. Dei har stoppa meg før, og broren min vart arrestert.

Det fortel «Salem», ein 12 år gammal gut frå Hebron på Vestbreidda. Han er éin av 400 barn som Redd barna har snakka med i ein ny rapport, som ser på korleis konflikten og okkupasjonen påverkar utdanningssystemet på det okkuperte palestinske territoriet.

– Målretta trakassering

Ifølgje generalsekretær i Redd barna i Noreg, Birgitte Lange, er sivilbefolkninga i krigsområde generelt meir utsett no enn tidlegare. Sjukehus og skular vert angripne. Sivile mål vert bomba meir systematisk. Fleire barn vert rekruttert som barnesoldatar. Både fysisk og psykisk vert barn ramma hardt.

Okkuperte delar av Palestina er eit av dei farligaste stadane i verda for barn å gå på skule, ifølgje Redd barna. Frå 2013 til 2017 vart det registrert 1147 ulike angrep eller trugsmål mot skular på Vestbreidda, i Gaza og deler av Israel.

Ifølgje Lange eskalerer konflikten heile tida. Men det som er spesielt med Vestbreidda, til forskjell frå andre konfliktområde som Syria og Jemen, er den systematiske trakasseringa mot barn, seier generalsekretæren.

– Israelske styresmakter er systematiske og målretta, både i kontrollpostar som borna må gjennom, og i måten militære oppfører seg på skulane. Våre tilsette fortel at militære regelmessig stoppar små barn for å stille dei spørsmål og for å endevende sekkane deira.

Redd Barna anerkjenner at rapporten ikkje nødvendigvis er representativ for alle barn på Vestbreidda, fordi organisasjonen har fokusert på skular som har opplevd mange angrep. Men organisasjonen håper rapporten vil bidra til ein dialog for endring.

– Det som har vore viktig for oss, er å få fram barns oppleving av kva det gjer når deira nærmiljø og skule blir utsett for systematiske angrep på den eine eller andre måten. Vi håper å rette søkelyset mot dette. Om borna ikkje kjenner seg trygge på skulen, må vi handle.

LES OGSÅ: USA godtek Israels busetjingar på Vestbreidda

Borna kjem til orde

I den nye rapporten kjem fleire barn til orde. 17 år gamle Issa frå Hebron skildrar dagen han vart arrestert som 15-åring, etter skuledagen var over. Ali (13), frå same by, fortel om då soldatar følgde etter han og venene på veg heim. «Rima» (13) frå Betlehem fortel om då soldatar brukte tåregass på skulen hennar, etter at busetjarar gjekk til angrep. Den siste tida har det vore ein omfattande bruk av tåregass i angrep mot skular på Vestbreidda.

Lange tykkjer det er kjempeviktig å få fram stemmene til dei yngste.

– Barn er ekspertar på eigne liv. Dei kan skildre, heilt konkret, kva dei opplever og kva desse opplevingane gjer med dei.

Det kjem mellom anna fram at frykt er ein av hovudgrunnane til at borna på Vestbreidda slit med å få gjort skulearbeidet sitt.

– Vi kan jo prøve å omsetje det til norske forhold. Dette er ein situasjon som Noreg ikkje kan la vere å handle på, meiner Lange.

Ho oppfordrar utanriksdepartementet til å bidra til at Israel sluttar seg til ein internasjonal deklarasjon om «safe schools», som forpliktar å gjere skular til trygge læringsarenaer. 100 land har hittil slutta seg til denne erklæringa.

LES OGSÅ: Israel varslar annektering av okkuperte område

Underfinansierte skular

Ifølgje rapporten er det palestinske utdanningssystemet kronisk underfinansiert og lærarmangelen er stor. I tillegg er det mangel på trygg transport til skulen for mange.

– Ansvaret for dette ligg vel hjå dei palestinske styresmaktene. Kor viktig er det å ta tak i dette?

– Vi er opptekne av at lærarar får løn, at dei får høve til å utdanne seg, og at dei ikkje har altfor mange barn i klasserommet. Palestinske styresmakter må, som alle andre, sørgje for at lærarane har dei føresetnadane som dei treng, seier Lange.

– Men denne undersøkinga viser at dette ikkje er det mest alvorlege her. Det mest alvorlege er at skular vert ramma av tåregass og militære angrep. Det hindrar barn i å gå på skule og å i å tileigne seg kunnskap.

Israels regjering varsla nylig at landet vil annektere deler av den okkuperte Vestbreidda i juli i år. Lange fryktar dette vil føre til at det blir endå vanskelegar for barn å kome seg til skulen.

– Vi ser føre oss at det blir fleire kontrollpostar og vanskelegare å flytte seg internt i Palestina. Heimar kan bli jamna med jorda og familiar kan bli fattigare som følgje av tapt levebrød. Foreldre må kanskje ta borna ut av skulen, fordi dei må hjelpe til heime.

Den israelske ambassadøren svarar

Den israelske ambassaden har ikkje hatt høve til å gå gjennom rapporten frå Redd Barna. Men dei ynskjer å svare på det som kjem fram i denne artikkelen.

– Staten Israel står overfor sikkerheitstrugslar frå terrororganisasjonar som bevisst utnyttar dei sivile omgjevnadane i eit forsøk på å beskytte sine militære aktivitetar frå angrep ved å legge dei inn i elle i nærleiken av skular og sjukehus, skriv ambassaden i ein e-post til Vårt Land.

Dei hevdar at palestinske sivile vert brukt som menneskelege skjold av palestinske terroristar.

– Det er bevis på at terrororganisasjonar lagrar ammunisjon inne i moskear, skular og sjukehus. Staten Israel tek mange skritt for å dempe risikoen for potensiell skade på sivile, skriv dei vidare.

Tiltaka inkluderer implementering av førebyggande tiltak, i tillegg til samarbeid med internasjonale organisasjonar som FN, skriv ambassadøren. Han meiner at situasjonen i Israel og Syria ikkje kan samanliknast.

– I Syria vert barn og sivilbefolkning bombardert vilkårleg og forsettlig, medan Israel berre rettar seg mot terroristar samtidig som dei prøver så mykje som mogleg å minimere skaden, hevdar ambassaden.

---

Hovudfunn i Redd barnas rapport

  • Det har vore omfattande bruk av tåregass i angrep mot skular på Vestbreidda. Ein tredjedel av alle rapporterte utdanningsrelaterte angrep i 2019, involverte bruk av tåregass. 988 barn vart behandla for skader frå tåregass i 2019.
  • Tre forhold hindrar borna i å oppleve ein trygg skulekvardag, ifølgje dei sjølve: Fysiske angrep på elevar og lærarar, angrep på skulens infrastruktur og andre truande opplevingar langs skulevegar og militære kontrollpostar.
  • I 2019 vart tolv skular i Gaza trefte av israelske luftangrep, som totalt ramma rundt 9.000 barn.
  • Om lag 400 barn er intervjua til rapporten. Tre firedelar av dei har opplevd at skulen deira har blitt angripen.
  • Meir enn 275 skular ligg i nærleiken av militære kontrollpostar i ulike delar av okkupert Palestina. Barn seier at dei opplever ein mangel på trygge rom.
  • Mange barn fortel om plager relatert til angst og stress. Foreldre fortel om barn som får tydelege åtferdsproblem.
  • 3 av 4 barn seier dei er redde for å bli trakassert eller mishandla av soldatar eller israelske busetjarar på skulevegen.
  • Kjelde: Redd Barna

---

Les mer om mer disse temaene:

Kristin Askjer Lien

Kristin Askjer Lien

Kristin Askjer Lien er vaktsjef i Vårt Land.

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter