Saman om å få fleire arvegåver
Frivillige organisasjonar har lenge vegra seg for å be om arv, i frykt for å vere grådige. Ti kristne organisasjonar utfordrar no kulturelle stengsel, og rullar ut kampanje som ber folk hugse dei i testamentet.
Erlend Berge
Årleg blir det overført verdiar for 75 milliardar kroner til neste generasjon nordmenn. Det viser utrekningar i ein rapport Høyskolen Kristiania har laga på oppdrag for Norges Innsamlingsråd.
Men nesten ein halv milliard – eller 463 millionar kroner – blir gjeve som testamentariske gåver til frivillige organisasjonar.
Slike gåver har eit uendeleg potensiale, meiner Runar Døving, professor ved Høyskolen Kristiania, og ansvarleg for rapporten. Han er medlem avarbeidsutvalet arv og testamenter i Innsamlingsrådet, og forskar på arv.
Bestill abonnement her
KJØP