Nyheter

Rømlingar får ny sjanse

Rundt 200 unge afghanarar får 90 dagar på seg til å be om fornya behandling av asylsøknaden. Dei som rømte frå tvangsretur til andre europeiske land er også omfatta.

I oktober møtte Vårt Land to unge afghanarar på eit mottak for mindreårige. Begge hadde fått avslag på søknaden om vern i Norge og skulle sendast heim, med tvang.

Så, 14. november overkjørte Stortinget Solberg-regjeringa og instruerte ho til å gje dei såkalla oktoberbarna ein ny sjanse i utlendingsforvaltninga. Ap, Sp, SV, Venstre, KrF, MDG og Raudt kravde at innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) snarast mogleg kjem opp med ei ordning som skal sikre dei omfatta ungdommane ein ny sjanse i utlendingsforvaltninga.

Har oppfylt

Drygt to månader etter stortingsvedtaket presenterer Listhaug, som no er blitt både justis- og innvandringsminister, instruksen og rundskrivet som skal oppfylle Stortingets ønskje.

I perioden 1. februar til 2. mai kan vel 200 ungdommar, dei aller fleste frå Afghanistan, søkje asyl på nytt – om dei oppfyller tre krav:

• Fekk endeleg avslag mellom 1. oktober 2016 og 1. februar 2018.

• Har fått eit tidsavgrensa opphaldsløyve fram til dei fyller 18 år.

• Er i siste vedtak frå UNE blitt vist til internflukt i heimlandet.

– Departementet har følgt opp Stortingets vedtak, seier Listhaug, og meiner ordninga er i samsvar med forslaga ho la fram i eit brev til dei parlamentariske leiarane i desember, eit brev dei nemnde leiarane nekta å svare på.

LES OGSÅ: Oktoberbarn returneres

Får advokathjelp

Dei det gjeld må be Utlendingsdirektoratet (UDI) om ny behandling innan 90 dagar, og dei får gratis advokathjelp. Men dei som allereie er i utlandet må vente der til saka er behandla ferdig i UDI og UNE, om nye avslag blir anka, og dei eventuelt får reise tilbake til Norge.

– Mange av dei mindreårige har venta lenge på denne avgjerda, no skal eg setje meg ned å lese dokumenta frå Justisdepartementet, seier Per E. Askildsrud, advokat for ein av gutane Vårt Land møtte i november.

KrF nøgde

I KrF er innvandringspolitisk talskvinne Torhild Bransdal nøgd med ordninga Listhaug legg fram:

– Det er godt dei får ei ny vurdering, for dei har venta lenge no.

I desember opplyste Utlendingsdirektoratet (UDI) til Vårt Land at dei som ville bli omfatta av ordninga var fordelt på fire grupper: Bur framleis på mottak, har reist heim frivillig, er tvangsreturnerte og har reist frå mottak utan å gje opp ny adresse.

Rett før jul budde 92 i mottak eller privat i Norge, medan resten hadde ukjent adresse. I november opplyste Politiets utlendingseining (PU) at sidan januar hadde ti unge, som har hatt mellombels opphald i Norge, blitt tvangsreturnert til Afghanistan.

Sidan PU byrja å effektuere tvangsreturar i fjor, strauk stadig fleire asylsøkjarar med endeleg avslag på dør frå norske mottak, og mange enda opp i Frankrike. Her blei dei intervjua av norske medier om livet på gata.

LES OGSÅ: Ap-nestor: Stopp returen av unge til Afghanistan, Ap

Kjem med

I det ferske rundskrivet frå Justisdepartementet seier justis- og innvandringsminister Listhaug at også dei «oktoberbarna» som har rømt landet skal få høve til å be om ny behandling - saman med dei som er blitt tvangssendt heim:

«Departementet presiserer at utlendinger som befinner seg i utlandet, fordi de har forlatt Norge på egenhånd eller har blitt uttransportert, skal være omfattet av retten til ny vurdering (...) Det presiseres at de som har søkt om oppholdstillatelse i et annet Dublin-land, men som ennå ikke har fått avgjort søknaden, er omfattet av retten til ny vurdering. Det samme gjelder de som ev. har fått avslag på sin søknad om oppholdstillatelse i annet Dublin-land».

Dublin-avtalen er eit samarbeid mellom EU-landa, Island, Sveits, Liechtenstein og Norge. Kvar asylsøkjar får søknaden sin behandla i berre eitt av Dublin-landa.

Sylvi Listhaug opplyser at den nye forskrifta, som UDI og UNE skal gjere bruk av, skal vektleggje «barnets beste». Dette betyr at utlendingsforvaltninga i kvart vedtak må opplyse korleis omsynet til «barnets beste» er blitt vurdert.

To tap

Samstundes som Sylvi Listhaug la siste hand på «oktoberbarn»-ordninga, sluttførte Stortingets kommunalkomité behandlinga av eit SV-forslag om å setje ned eit ekspertutval som skal vurdere retur av asylsøkjarar til Afghanistan, og gjeninnføre rimelegheitsvilkåra.

Spørsmålet om utval splittar den nye blågrøne regjeringa. Høgre og Framstegspartiet får hjelp av Arbeidarpartiet og Senterpartiet og dermed blir SV-kravet avvist i Stortinget. Venstre som står saman med KrF og SV på det tapande laget.

Også kravet om å gjeninnføre rimelegheitsvilkåra blir avvist av dei fire strengaste asylpartia i Stortinget, Ap, Sp, Frp og Høgre.

I begge saker understrekar Venstre at tapa var avklart før partiet gjekk inn i Solberg-regjeringa.

LES OGSÅ: Kasta ut av Norge – kan bli henta tilbake frå Afghanistan

Ap støtta

Det var i 2016 Solberg-regjeringa fekk ei handsrekning frå Ap og Sp slik at dei fekk fjerna det såkalla rimelegheitsvilkåret ved internflukt. Det innebar at Norge kunne sende tilbake fleire grupper til internflukt, altså til andre delar av heimlandet enn der asylsøkjarane kjem frå.

I KrF er innvandringspolitisk talskvinne Torhild Bransdal skuffa over at Ap på nytt konkluderte med at vilkåra om rimelegheit ikkje skal leggjast til grunn i behandling av asylsøknader.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter