Nyheter

«Vi elskar Norge, men Norge elskar ikkje oss»

Dei ber, dei tryglar; lat oss få bli, liva våre er i fare. Svaret er nei, det er trygt i Kabul dit dei skal sendast. Snart.

Bilde 1 av 4

Svaret kom i posten fredag. «Ha en fin dag», lyder helsinga på framsida, stempla med blått av frankeringsmaskina. Brevet frå advokaten har overskrifta «Søknad om opphold i Norge», men bodskapen gjer ikkje dagen fin:

«Begrunnelsen i UNE sitt vedtak er at UNE ikke tror på den forklaringen du har gitt.»

– Eg må bu meg på å bli kasta ut, sendt heim til eit land som er herja av krig, til ein by der folk døyr kvar dag som følgje av terroråtak, til ein by som slett ikkje er trygg.

LES MEIR: Ap og Sp i nøkkelrolle 

Myndige

«Kunal» slengjer advokatbrevet og vedtaket frå Utlendingsnemnda (UNE) på sofaen på einmannsrommet på den gamle sjukeheimen som er blitt asylmottak for tenåringsgutar. Han blir ikkje henta av politiet før i januar. Då fyller han 18 år og blir vaksen. Han fekk mellombels opphald i Norge då han søkte asyl i 2015.

Kameraten «Waqas» blei vaksen på laurdag. Men det blei ingen 18-årsfest.

– Eg har slett ikkje noko å feire, eg er framleis 17. Eg blir ikkje 18 før neste år.

Begge fekk nye fødselsdatoar av Utlendingsdirektoratet (UDI) då dei søkte om vern i Norge i 2015. Testar av skjelett og tenner viser at dei er rundt eit år eldre enn det dei sjølve hevdar, seier UDI.

Ordskifte

Vårt Land er på eit mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar, i ei bygd på Austlandet. Her bur gutar som i haust har fått samlenamnet «oktoberbarna»* – og er blitt hovudpersonar i eit ordskifte mellom Solberg-regjeringa og opposisjonen på Stortinget og dei som støttar opposisjonen. Saka kløyver også Arbeidarpartiet og Senterpartiet i fløyar.

I begge parti ber mellom anna ungdomspartia moderpartia utvise meir hjartevarme.

Taliban

«Kunal» og «Waqas» heiter noko anna. Av omsyn til eigen tryggleik anonymiserer Vårt Land identitetane deira.

Begge fortel at dei flykta frå Afghanistan for å sleppe unna Taliban. «Waqas» seier han blei forsøkt verva som barnesoldat i Taliban. «Kunal» fortel at faren blei drepen av bror sin, som er med i Taliban.

– Blir eg sendt tilbake kan også eg bli drepen, seier «Kunal».

Trygt

I vurderinga av at hovudstaden Kabul er ein trygg by å returnere dei unge afghanske gutane til, lener regjeringa seg tungt på UDI. Direktoratet har nyleg saumfare fire rapportar om tryggleikssituasjonen i Afghanistan, og finn ingen grunn til å endre asylspraksis. Konklusjonen er at landet ikkje er slik at Norge må slutte å returnere folk dit.

På mottaket følgjer dei afghanske gutane med på returdebatten. «Kunal» og «Waqas» blir engasjerte når ordet «trygt» kjem opp.

– Dei politikarane som meiner det er trygt å sende oss tilbake, kan bli med meg, så kan dei sjølve få sjå korleis tilhøva er, seier «Waqas» og dreg fram mediemeldingar om sjølvmordsbombarar, drap og bilbomber.

Landinfo melder at det var det ein markant auke i talet sivile ofre i Kabul i første halvår i år.

LES MEIR Ap-nestor: Stopp returen av unge til Afghanistan, Ap

Konsentrasjon

På lampa over vasken på rommet til «Kunal» heng ein gullmedalje i eit band med norske fargar. Laget hans vann ei fotballturnering. Ute i gangen står skoa som fortel at leiken med lærkula er viktig i mottakskvardagen.

– På dagtid går vi på skule, for vi vil lære mest mogleg, for vi trudde at vi skulle få bli i Norge, seier «Waqas». Han vedgår at no er det vanskeleg å konsentrere seg om daglege skulegjeremål. Han skal jo ut.

Kjærleik

Ute i hallen ventar tre kameratar. Snart er det lønsj. Over døra til vaktrommet heng eit ark. To hjarte, eitt forma som norsk flagg, eitt som eit afghansk. «Waqas» strekkjer fram handa til avskil.

– Vi elskar Norge, men Norge elskar ikkje oss.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter