Nyheter

Regjeringa krev 16 år i Norge for amnesti

Regjeringa gjev amnesti til eldre ureturnerbare asylsøkjarar. Men butidskravet innvandringsministeren skal stille, er høgt - 16 år.

– Amnestiet er eit steg i rett retning, men det omfattar for få, så me er ikkje nøgde. Fleire eldre asylsøkjarar som ikkje kan returnerast til heimlandet fortener å få bli i Norge, seier styreleiar Gunhild Andersen i Rettferdighet i Asylpolitikken (RIA).

Fekk opphald

Vårt Land fortalde i april i fjor om 70 år gamle Almetu Etana Gudissa frå Etiopia som etter 15 år på asylmottak i Norge fekk opphaldsløyve.

UDI og UNE meinte lenge at ho ikkje hadde behov for vern. Men så snudde utlendingsforvaltninga og gav henne opphaldsløyve fordi ho er svært sjuk og manglar nettverk i Etiopia.

LES MEIR: Budde 15 år på asylmottak

Krev 16 år butid

Under forhandlingane på Hadeland har Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF blitt samde om eit amnesti, men kravet til butid i Norge er høgt.

Regjeringa vil «legge til rette for en engangsløsning for eldre ureturnerbare asylsøkere som har bodd lengre enn 16 år i Norge. Løsningen rammes inn slik at den ikke skaper presedens, og vil ikke gjelde for straffedømte».

Konsekvensen er at fleire «eldre ureturnerbare asylsøkere» ikkje er omfatta av amnestiet.

Fann 62 kvinner

Då organisasjonen i Rettferdighet i Asylpolitikken i 2017 gjennomførte ei kartlegging på asylmottak, fann dei 62 einslege kvinner over 50 år. RIA-rapporten Hvem skal holde meg i hånden når jeg dør? avdekte at kvinnene var frå midten av 50-åra til sist i 70-åra – og at dei hadde budd på asyl­mottaka frå 6 til 17 år.

- Desse kvinnene lever under forferdelege vilkår. Eg vil seie det så hardt: Dei døyr langsamt, sa Brit Nustad i RIA til Vårt Land. Ho var med på kartlegginga.

Organisasjonen fremma eitt forslag som kunne betre levekåra til dei drygt 60 kvinnene: Amnesti.

LES MEIR: Ba om amnesti

Leverte opprop til KrF

RIA samla inn eit tusental underskrifter for kravet, og leverte i fjor vår oppropet til KrF og nestleiar Olaug Bollestad med bøn om at opposisjonen tok tak i forslaget.

Fungerande innvandringsminister Per Sandberg (Frp) svarte på vegne av Solberg-regjeringa: Ikkje aktuelt å gje ­amnesti eller utvida rettar til personar som ikkje samarbeider om retur og som oppheld seg ulovleg i Norge.

Torsdag presenterte Høgre, Frp, Venstre og KrF eit avgrensa amnesti.

– Me er glade KrF tok forslaget om amnesti med inn i regjeringsforhandlingane, for det har vore svært vanskeleg å få skiftande regjeringar til å sjå på saka, seier styreleiar Gunhild Andersen i RIA.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter