Regjeringa har endeleg funne hus for rom
I 2015 gav regjeringa den nasjonale minoriteten rom ei kollektiv oppreising. Først over fem år seinare blir kultursenteret Romano kher eit permanent senter.
Romsk kultur- og ressurssenter held i dag til i mellombelse lokale, i Gamlebyen kyrkje i Oslo, som ikkje er i bruk som kyrkje. Kvar veke er det fritidsklubb for barn og unge på Romano kher.
Erlend Berge
– Ein gledas dag.
Linda Hofstad Helleland er oppstemt. For statsråden gler seg vegne av alle norske rom, ein nasjonal minoritet som tel opp mot 900 personar. Endeleg skal dei få sitt eige hus, ei permanent løysing skal bli røyndom berre ein kjem seg over i 2021.
– No er kontrakten signert, snart skal dei få starte arbeidet med å etablere kultur- og ressurssenteret, som blir eit signal om at rom har ei framtid i Norge, fortel Helleland til Vårt Land.
Bestill abonnement her
KJØP