Nyheter

Politisk vern rundt kyrkjeasyl

På Stortinget er det ikkje fleirtal for Frp-kravet om å fjerne kyrkjeasyl. Ordninga blei etablert av Arbeidarparti-regjeringa i 1993.

I byrjinga på 1990-talet søkte store grupper med kosovo-albanarar asyl i Norge. Dei hadde reist frå etnisk forfølging i Kosovo, som den gongen var ein del av Serbia – som var i krig med naborepublikkane i det gamle Jugoslavia.

Vinteren 1993 oppheva regjeringa til statsminister Gro Harlem Brundtland (Ap) ein mellombels returstopp av kosovo-albanarar. På dette tidspunktet var det drygt 2.300 personar frå denne regionen i Norge.

12. februar 1993 fekk Norge sitt første kyrkjeasyl i moderne tid. Fjorten kosovo-albanarar søkte vern i Elverhøy kyrkje i Tromsø. Dei nekta å vende tilbake til Kosovo etter avslag på asylsøknadane. Samstundes gjennomførte ei større gruppe kosovo-albanarar ei vekelang sveltestreik i ei kyrkje i Verdal i Nord-Trøndelag.

LES MEIR: Asylsinne i Venstre

Instruks

Utover året søkte stadig fleire kyrkjeasyl, og toppen blei nådd i november 1993. Då sat heile 648 personar i kyrkjeasyl fordelt på 134 kyrkjer og bedehus.

Nokre månader tidlegare hadde dåverande justisminister, Grete Faremo (Ap), gripe inn. Justisdepartementet sendte sommaren 1993 ut ein instruks til landets politimeistrar. Her blei politiet bedne om «respektere kyrkjefreden»; ikkje å gå inn i kyrkjer og hente ut asylantar med endeleg avslag:

«Av respekt for kirkene er det som hovedregel ikke aktuelt for politiet å gå inn i kirker og bedehus for med makt å hente asylsøkere som skal sendes tilbake til hjemlandet. Tilsvarende vil i utgangspunktet gjelde hvis asylsøkere har søkt tilflukt i kirkebygg tilhørende trosretninger utenfor Den norske kirke.»

LES MEIR: Få i kyrkjeasyl

Ad hoc

Desse retningslinene varte fram til 1999. Då blei dei revidert av fungerande justisminister Dagfinn Høybråten (KrF) i Bondevik II. I brevet til politimeistrane blir det understreka at hovudpunkta frå 1993 blir ført vidare. Men KrF-, Venstre- og Senterparti-regjeringa la til at «… «kirkens rom» er avgrenset og f.eks. ikke gjelder leiligheter eller aktivitetsrom utenfor kirken».

Den norske kyrkja har i alle år sidan 1993 understreka at det ikkje er kyrkja som har etablert kyrkjeasyl, ei heller innført ordninga. I ein vegleiar skriv Kyrkjerådet at «kirke­asyl er ingen ordning eller ­institusjon». Det er derimot en ad hoc-­situasjon som oppstår der og då. Difor har ikkje Den ­norske kyrkja laga reglar ­eller retningslinjer for kyrkjeasyl.

Mot

Korkje Bondevik I (KrF, Venstre og Sp), Bondevik II (KrF, Venstre og Høgre), Stoltenberg I, Stoltenberg II og III (Ap, Sp og SV) viste vilje til å skrote instruks og retningsliner som heldt politiet ute av kyrkjer og bedehus. Først i 2016 tok Framstegspartiet til orde for å avslutte kyrkjeasylet. Bakgrunnen var at fleire av asylsøkjarane som kom til Norge over Storskog søkte vern i kyrkjer i Finnmark for å unngå tvangsretur til Russland.

– Kyrkjeasyl undergrev asylsystemet i Norge. Det er det ikkje aktuelt å akseptere, sa dåverande statssekretær i Justisdepartementet, Jøran Kallmyr (Frp), til NTB.

Tre år tidlegare hadde Høgre og Frp ført denne formulering inn i den politiske plattforma, «det vil være regjeringens syn at kirkerommet ikke skal brukes til kirkeasyl» – og Anders Anundsen (Frp), som var justisminister, skreiv brev til Politidirektoratet (POD) der han ba POD gå i dialog med kyrkja for å få avslutta kyrkjeasylet. Desse samtalane rann ut i sanden.

Henta

I 2014 velsigna Anundsen ein politiaksjon i Kristiansand. Ein kyrkjeasylant frå Iran blei henta ut frå eit bygg som tilhøyrde pinseforsamlinga Filadelfia. Politiet sa huset ikkje var eit kyrkjebygg, men eit frittliggjande hus forsamlinga disponerte. Kyrkjelydsbygg som ikkje er vigsla, kan ikkje brukast til kyrkjeasyl, sa justisministeren i 2014.

Etter politiaksjonen på Fitjar er det berre Frp som vil avvikle kyrkjeasylet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter